Har strikka til nyfødde born

Sanitetsdamer jobbar mykje i det stille, men gjer arbeid til glede for både store og små. Snart får barneavdelinga ved Åse sjukehus kasser med varmande strikkaplagg frå Sunnylven sanitetslag.

Mange medlemer i Sunnylven sanitetslag har brukt strikkepinnane flittig heime det siste året og strikka plagg til nyfødde og premature born ved sjukehuset i Ålesund.

-I løpet av siste år har vi motteke mengder med deilige strikkaplagg som vi no skal levere inn til barneavdelinga ved sjukehuset, til nyfødde og dei som er premature, fortel nestleiar i sanitetslaget Hilde Langlo Brekke.

Og det er ikkje få plagg ho ramsar opp som er klare for overlevering, 26 tepper, 49 huer, 39 labbepar,  5 bukser,  2 ullposar, 1 skjerf  5 vottepar,  7 koseklutar og 6 klutar mamma skal ha på seg for at dei skal lukte mamma og gi babyen trygghet.

-Dette håpar vi vil varme både babyar og foreldre. Personalet på fødeavdeling som eg snakka med var utrulig glad og takknemlig for gåva som vi skal gi dei.

Her er litt av eit stort og fargerikt utval av det sanitetslaget gjev fødeavdelinga ved Åse sjukehus

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380