«Hellesylt isstadion» snart klar
Den langvarige kuldeperioden har gjeve mulegheiter for nye idrettslege aktivitetar på Hellesylt. Tysdag 9. februar er Hellesylt isstadion klar til bruk.
Det er fotballgruppa og banenemnda i Sunnylven IL som har teke initiativet til å lage is på eit 200 kvadratmeter stort område like ved ballbingen i Hellesylt sentrum. Området vart brøyta med traktor fredag kveld og etter kvart starta tilkøyring av vatn. Det frys fort og godt i 12 – 15 minusgrader som temperaturen har vore i området dei siste døgera.
Brannsjef Inge Teigen var positiv til bruk av brannbil, og rektor Roar Seljeset ved Sunnylven skule gav også tilslutning til islegging av området.
Etter at Kristoffer Frøysa hadde brøyta bana med traktor fredag kveld, har Anita og Knut Dag Langeland saman med Lillian Aasheim og Frode Nessan sytt for islegginga. Bana blir ikkje av dei store, så lengdeløp blir vanskeleg, men der blir glatt stålis for både hockey-kampar og kunstløp! Det blir nok ein populær myldreplass for både skuleelevar og andre.
Frode Nessan var på plass med nytt lass måndag ettermiddag, det fjerde fortalde han. Kanskje måtte det til eit lass til, for terrenget ved siden av ballbingen var litt hallande.
Og dei som laga isbana hadde tru på at Hellesylt isstadion blei liggande i mange dagar.