Årsmøte i Sunnylven Pensjonistlag

Etter nye bestemmelsar kan inntil hundre personar samlast på årsmøte i Pensjonistlaget fredag, mot at vanlege smittevernhensyn blir fylgde.

Fredag 26. februar er det årsmøte i Sunnylven Pensjonistlag. Der kan dei fleste i laget møte om dei vil, for regjeringa har no opna opp for hundre personar ved arrangement i lokale med lause stolar.

Grunna korona-pandemi og smittevernhensyn har det vore litt tvil kor mange som kunne kome på årsmøte til Sunnylven Pensjonistlag på Hægstad Gård fredag 26. februar.

Regjeringa har no bestemt at i lokale utan fast monterte seter/stolar kan det haldast arrangement innandørs med inntil hundre personar. Kravet er at personar som møter får tilvist eigen stol med 1 -2 meters avstand til neste.

-Vi kan dermed invitere alle som har lyst og høve til å kome på årsmøte i Sunnylven Pensjonistlag, seier leiar i laget Astrid Langeland på telefon. Årsmøtet blir halde med vanlege smitteverntiltak som spriting og avstand.

Berre å møte fram

Laget ber om påmeldig til årsmøtet som er på Hægstad Gård fredag 26. februar klokka 15.00. Utanom vanlege årsmøtesaker blir det servering av pølse med brød, kaffi og twist.
Påmelding til Astrid Langeland, 906 75 234
Odd Jostein Bjørdal, 957 52 330

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380