Lokalnytt

Isferd i Bygdaelva

Ei gravemaskin med Dag Eivind Tveit bak spakane fekk løyst opp isproppa slik at Korsbrekkeelva kunne renne i det rette elveløpet.

Etter ein lang kuldeperiode med minusgrader langt ned på det tosifra, kom mildver med vind og regn. Det førte til at is og snø smelta, og Bygdaelva i Sunnylven «braut» isen.

Mykje is tok vegen frå elvane i Bygda og Langedalen ut i Sunnylvsfjorden onsdag denne veka. Det meste forsvant i fjorden utan å gjere skade, men på Korsbrekke måtte ei gravemaskin i arbeid for å løyse ei ispropp. Det stuka seg opp med is i det eine elveløpet ved Jogardsbrua med det resultat at is og vatn fløymde ut over dyrkamark.

Ei gravemaskin frå Stadheim Maskin fekk etter kvart opna opp og vatnet kunne renne slik det skulle. Isferda gjorde ikkje skade verken på dyrka jord eller anna eigedom, men gardsvegen til Korsbrekke vart sperra nokre timar på grunn av store isflak i vegen.

Gardbrukar Arne Korsbrekke har sett isferd før i Korsbrekkeelva etter lange kuldeperiodar, men ikkje så heftig som denne gongen. I år vart det spesielt etter den lange og kalde perioden i januar og ut i februar. Men det gjekk bra med både gardsvegen og dyrkajord, men han lurte litt på kor mykje laksyngel som stryk med i ei slik isferd i elva ein slik vinter.

Isflak la seg på gardsvegen til Korsbrekke og ut over dyrkamarka mot sjøen
Arne Korsbrekke til høgre hadde aldri sett noko liknande av is og isferd før. Her i samtale med Frode Orheim frå kommunen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380