Korona reduserte aktiviteten i HUL

Hovudstyret i Hellesylt Ungdomslag. Frå venstre Randi Sæter, Elisabeth Hauge, Wenche Solli, leiar Marianne Fivelstad, Kim Sture Flo.

Hellesylt Ungdomslag har halde årsmøte. Det siste året vart spesielt med redusert aktivitet grunna korona-epidemien, går det fram av årsmeldingane. Marianne Fivelstad held fram som leiar i HUL, eit lag der dei fleste tillitsvalde tok attval.

Sjølv om smittevernhensyn har hindra vanleg aktivitet i Hellesylt Ungdomslag viste laget seg likevel fram, om ikkje like aktivt som vanleg. I årsmeldinga frå hovudstyret står å lese om deltaking i Kven veit, Swing-kurs for 11 deltakarar frå 12 – 35 år, litt redusert Andeslepp i Hellesyltfossen, og Solsnubading på badestranda 20. desember. Mellom 21 tøffingar var dei fleste damer.

Ferre medlemer

Grendakvelden til Sjøarane vart avlyst, det same vart Sommardagar på Hellesylt med kyrkjekonsert som HUL er medarrangør av. Det vart heller ikkje arrangert teater med dans 4. juledag.
Hellesylt Ungdomslag hadde 74 betalande medlemer i 2020, ein nedgang på 47 frå året før.
Medlemskontingenten vart vedteken uendra på årsmøtet.

Litt meir normalt år

Sjølv om korona-pandemien framleis er ein bremsekloss for aktiviteten, fortalde arbeidsplanen for 2021  om optimisme og eit HUL som vil leve. Her er lista opp ei lang rad aktivitetar som kurs, tilstellingar for ungdom, dansens dag og Sjokoladekappleik, eit meir normalt 17. mai med leikarring i sving både ved omsorgssenteret og på samfunnshuset, Andeslepp i Hellesyltfossen, kanskje ein minikonsert med lokale aktørar i kyrkja, og sjølvsagt Solsnubading i desember.
Teatergruppa i HUL har også eit mål om å få til teater på 4. juledag.

Årsmøtet i HUL var innom fleire saker fredag 12. februar, men mange må opp på nye årsmøter for endeleg vedtak seinare. Det gjeld mellom anna bygging av eit sanitæranlegg/lagerhus på badestranda, eit servicetilbod det har vore stort behov for lenge, og innkjøp av ny lysrigg på samfunnshuset.

Lesestove

Kva som skal skje med Verkstedet, lokale som vart tenkt til ungdomsklubb på Hellesylt kom også opp. Bygget er ikkje ferdig og kan ikkje takast i bruk som ungdomsklubb før ein rasvoll i bakkant er på plass.
Kanskje kan Verkstedet gjerast ferdig og nyttast som lager til HUL, og lesestove og øving for teatergruppa, var mellom tankane som kom fram under årsmøtet.

God økonomi

Årsmeldingar frå hovudstyret, teatergruppa, barnelaget og frå badehusstyret vart alle samrøystes godkjent. Det same vart rekneskapen som viste at laget har god økonomi. Mellom anna fekk HUL 294.500.- kroner overført som offentleg driftstilskot koronamiddlar på grunn av tapte arrangementinntekter.

Val

Valnemnda hadde ein grei jobb med å foreslå tillitsvalde i styret og grupper i HUL i år. Berre i teatergruppa hadde personar sagt frå seg attval.

Hovedstyret:
Leiar: Marianne Fivelstad
Styremedlemer;
Randi Sæter
Wenche Solli
Elisabeth Hauge
Kim Sture Flo
(Styret konstituerer seg sjølve.)

Varamedlemer:
1.vara: Margretha Janssen
2.vara: Synnøve Kjellstad
3.vara: Grete Bjørdal

Teatergruppa:
Linn Kammen
Hanne Kvamme (ny)
Lasse Langlo (ny)
Ole Iver Kjellstad
Per Kjell Leite (ny)

Barnelaget:
Wenche Ringdal
Lillian Støverstein
Rita Røyrhus
Lisbeth Helset

Badehusstyret:
Leiar: Asle Ringdal
Even Bjørneseth
Tarjei Korsbrekke
Kristoffer Frøysa
Inge Korsbrekke

Valnemnd:
Knut Dag Langeland
Egil Røyrhus
Ellen Angelika Fivelstad

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380