Nominert til Spelemannpris med Kjellstadslåttar
Folkemusikar Britt Pernille Frøholm frå Hornindal gav ut soloalbumet «Fokhaugen» i desember 2020. No er meisterfelespelaren nominert i kategorien Folkemusikk og Tradisjonsmusikk til Spelemannsprisen 2020.
«Fokhaugen» er det tredje soloalbumet til den kritikarroste folkemusikaren Britt Pernille Frøholm og er denne gongen tileigna slåttetradisjonen etter Ola og Ivar Kjelstad frå Sunnylven. Meisterfelespelar Britt Pernille Frøholm spelar for tida levande igjen med gamle slåttar av Kjellstadspelemennene i Sunnylven, og slåttar frå Hornindal og Nordfjord.
Alt var i si tid store slagerar, komponistane var store personlegdomar, og denne innspelinga har ei slik kraft og sårheit at arven etter dei blir like relevant i vår tid. Ei grandios feiring av livet og musikken til to av dei kulturelle leiestjernene på Nordvestlandet.
Albumet «Fokhaugen» blei sleppt fredag 11.desember og blir etter kvart feira med ein platesleppturné, som no har vorte koronaflytta til våren 2021, les vi på nettet.
Britt Pernille har etter kvart blitt ein anerkjent musiker både nasjonalt og internasjonalt saman med andre i MAAR, Boreas, North Pole Experience og andre, og turnert store deler av verda dei siste 10 årene.
I Lensmannsstova på Lillebø i Sunnylven, og ikkje langt frå Fokhaugen og heimegarden til spelemennene bak dei mange Kjellstadslåttane, har Britt Pernille Frøholm halde fleire konsertar dei siste åra. Som reporter for nettstaden hellesylt.info har vi hatt gleda av å høyre meisterspelaren her fleire gonger.
-Det klang og det svinga når den dyktige folkemusikaren, oppvaksen i nabobygda Hornindal leika med fingrane og drog felebogen over klarstemte strengar. Det vart ein eventyrkveld som var godt verd inngangsbilletten, i alle fall for dei som er opptekne av det folkelege særpreget i norsk musikk, skreiv vi etter ein av konsertane.
Det vart minnerike kveldar til heimreisa, og at Britt Pernille Frøholm nådde nominasjon til Spellemannsprisen med folkemusikkalbumet «Fokhaugen» i kategorien «Folkemusikk/Tradisjonsmusikk» kom vel ikkje så uventa.
Tre andre er nominert i same kategori;
Mads Erik Odden; «Logne slåttar»
Ronny Kjøsen; «Bone Bohem»
Johanne Flottorp/ Åsmund Solberg; «Heimespel»
Prisane blir delt ut i april i eit TV-sendt show på NRK fredag 16. april. På grunn av korona-pandemien er det uvisst korleis utdelinga skal foregå.