Planforslag til reguleringsplan klart

Eit planforslag til reguleringsplan på Ljøen er ferdig og lagt fram. Der er lagt til rette for hotellformål, boligtomt, utescene og areal for tjenesteyting og naudsynt infrastruktur. Naboar til hotellet helsar turistverksemd velkome.

I området som er utarbeidd planforslag på omfattar mellom anna Flakk Gruppen AS sine planar om å bygge Basecamp Hotel med ca. 20 hotellrom, fem frittståande hytter, spa -og velværeavdeling og tilkomstveg med parkeringsareal.
I planutkastet blir landbruk, rekreasjon og friluftsliv, trafikkforhold, barn sine interesser, og tilkomst også utreda.

Det er tre grunneigarar som blir berørt av planen, Frank O. Bonsaksen, Erling Ljøen og Rolv Arne Ljøen.  Reguleringsplanen er utarbeidd i tett samarbeid med grunneigar av garden Øvre Ljøen der det planlagde hotellet skal kome. Det har også blitt halde møter med offentlege instansar under vegs.

Planforslaget omfattar knappe 50.0 dekar på Ljøen med områder av naturmangfald som små flater, bratte bakka og fjellknausar, ein del dyrka areal, utmarksbeite, skog med innblanding av edellauvskog, og andre områder som kan kallast «kvardagsnatur». 3470 kvadatmeter er tenkt til hotellplanen og turistformål, men mesteparten av arealet som planutkastet omfattar blir framleis landbruksareal. Det kan drivast jordbruk på Ljøen og utviklast nye jordbruksområder, står å lese i planforslaget.

Eit hotell berre positivt

Bente Bonsaksen bur og har drive jordbruk på Øvre Ljøen saman med ektemake Frank og borna i 26 år. Dei gler seg alle til at det kjem eit hotell som nermaste nabo, seier ho.
-Vi er positive til utbygging av hotell her og slik vi ser det er det med på å berge jordbruket på Ljøen i åra framover. Å drive ein fjellgard er ikkje det mest attraktive no til dags, men med eit hotell her får vi hjelp til å halde kulturlandskapet vedlike og unngå attgroing. For det som er regulert til hotelltomt er dei mest arbeidskrevjande områda på garden, bratte og små areal der handemakt må til for å hauste grøda.

I staden for at det kunne kome til å gro igjen kan det no kome anlegg med arbeidsplassar, turistar og verksemd som gjev positive ringverknader, ikkje berre på Ljøen, men også for regionen og kommunen. Vi håper at det også vil skape aktivitet for vårt personlege selskap Bonseye, ei bedrift vi har jobba hardt for å bevare, seier Bente Bonsaksen.

På spørsmål om ho er uroa for trafikken som vil kome med eit hotell like inn til tunet er ho klar i svaret;
-Meir folk og meir trafikk er berre positivt. Vi får ikkje den freda plassen i verda, men det er ikkje den plassen for oss sjølve vi ønskjer heller. Og vi vil ikkje at garden skal gro igjen med krattskog så difor ønskjer vi hotellutbygging, arbeidsplassar, turistar og aktivitet velkome til Øvre Ljøen.

Familien Bonsaksen driv selskapet Bonseye med mellom anna ribbåt-turar på Sunnylvsfjorden og Geirangerfjorden. Her frå dåp av ribbåten Korsfjord med Bente lengst til høgre, gudmor for båtdåpen Gunnhild Liva Foldal, vidare Ole Hjalmar og Frank Ole Bonsaksen.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380