Rekordsal av fastelavnsris i jubileumsåret
Sunnylven sanitetslag har hatt godt sal av fastelavnsris i år. Målet var 125 ris, like mange som jubileumsåra til hovedorganisasjonen Norske Kvinners sanitetsforening. Det greidde dei, og meir enn det.
Ei av dei beste og sikraste inntektskjeldene til Sunnylven sanitetslag har vore sal av fastelavnsris. Den vesle buketten av bjørkeris pynta med fargerike fjør har alltid gått unna når kjøparar kom på døra.
Dei siste åra har sanitetsdamene hatt hjelp av skuleelevar med salet.
-Elevane i 8. klasse har vore gode seljarar i år. Dei har selt nesten «reint for ris», så vi måtte på skogen på nytt og lage nye fastelavnsris til det annonserte salet på Hellesylt no til fastelavn, fortel nestleiar Hilde Langlo Brekke. Ho synes elevane har vore flinke hjelparar nok ein gong, men ho rettar også takk til foreldre som har stilt opp med bil og køyrt seljarane rundt.
Kva salet av fastelavnsris skal gå til i år er ikkje heilt bestemt enno, men pengane brukar som regel å gå tilbake til eit eller anna godt formål i Sunnylven.