Sa frå seg attval for gjeldfritt lag

Årsmøtet i Sunnylven Idrottslag vart halde digitalt onsdag 17. februar. Her eit skjermfoto av nokre deltakarar, oppe frå venstre Magne Brekke, Per Ingebrigt Karbø Magnar Tufte Tyssen.
Under frå v: Tarjei Korsbrekke, Linn Kammen Flydal, Knut Dag Langeland, og Inge Røyrhus.

Etter to periodar som leiar i Sunnylven Idrottslag sa Per Ingebrigt Karbø frå seg attval under det digitale årsmøtet i laget 17. februar. Ved årsskifter hadde laget null i langsiktig gjeld, men mange flotte idrettsanlegg.

Valnemnda hadde ikkje lukkast med å finne erstattar for Per Ingebrigt Karbø som leiar i Sunnylven Idrottslag. Dermed blir det framhaldande årsmøte onsdag 10. mars. På grunn av korona-situasjonen vart årsmøte i idrottslaget halde som teams og gjekk ryddig unna med 14? medlemer tilkopla på nett.

Tilbakeblikk på året

Årsmelding frå hovudstyret og undergrupper viser at laget har jobba godt gjennom året, men korona-pandemien har hatt sin innverknad og prega aktiviteten. Økonomisk kom laget godt ut av arbeidsåret med eit samla overskot på 116.000, litt mindre enn året før.

I årsmelding frå hovudstyret les vi at i januar 2020 var det opningsfest saman med Sunnylven skyttarlag av det nye klubbhuset i fleirbruksanlegget i Hyttehola. I årsmeldinga takkar styret fleire for innsats og bidrag til bygging av klubbhuset til rundt 5.0 mill kroner, og for gåver mellom anna frå Sparebanken Møre og Ole Ringdal AS.
Også Stranda kommune har gjort vedtak om eit tilskot på 500.000.- kroner til Hyttehola-prosjektet, men tilskotet er ikkje utbetalt enno.
Styret rettar også stor takk til byggefirma HT Bygg Hellesylt AS.

Gode anlegg

Sunnylven Idrottslag har no gode anlegg for idrett, i fleirbruksanlegget i Hyttehola med 3.3 km. lysløype, stadion med 15 skiver for skiskyting, garasje med trakkemaskin, og eit topp moderande klubbhus saman med skyttarlaget.
For fotball har laget Hellesylt stadion med kunstgrasdekke og klubbhus med garderober og overbygd tribune.

Ein del idrettsleg aktivitet vart gjennomført også i korona-året, både på ski og i fotball, og idrottslaget var som vanleg arrangør av 17. mai, men med ei litt annleis markering som foregjekk på kaia.

Godkjent

Til årsmøtet vart det lagt fram utfyllande årsmeldingar frå alle undergrupper, fotball, ski, skiskyting, trim/fridrett, treningssenteret og banenemnda. Alle vart samrøystes godkjent.
Det same vart rekneskapen som er ført av Hellesylt Rekneskap AS.

Val

Til alle gruppestyre vart det stort sett attval, men ny leiar for idrettslaget etter Per Ingebrigt Karbø hadde ikkje valnemnda lukkast å finne.

-Eg har sete i to periodar og føler at leiarvervet i idrettslaget er som mykje anna, ein dugnadsjobb. Eg hadde sett pris på om andre kunne stille som formann no, sa Karbø.
Ingen melde seg til vervet under årsmøtet, så dermed må det til nytt framhaldande årsmøte i 120-års jubilanten Sunnylven Idrottslag om tre veker.

Val hovudstyret:

Leiar (mangler)
Styremedlem. Alle gruppeleiarane
Sekretær: Tarjei Korsbrekke

Fotballgruppa:

Leiar: Lillian Aasheim
Styremedlem: Gunn Elise Gjelsvik, Anita Langeland. Rita Rudning Røyrhus.

Hellesylt treningssenter:

Susanne M. Ringdal, Inger Ann Nybø, Ramazan Øcal, Rebecca Julie Ringdal, Svein Magne Frøysadal.

Skigruppa:

Leiar: Linn Kammen Flydal
Styremedlemer: Hans Hole, Anniken Hjellbakk Hole, Anne Karin Brenne Ringdal, Gisle Aaland, Maria Aaland Tryggestad.

Skiskyttargruppa:

Leiar: Magnar Tufte Tyssen
Styremedlemer: Lisbeth Lervik Helset, Geir Støverstein, Petrin Friestad

Trim / friidrett:

Per Svein Hole(ny), Olav Andreas Sætreås, Karolin Parthe, Rune Hole, Kristin Storstein, Vidar Even Leite. (konstituerer seg sjølve)

Sponsorgruppe:

Frank Øksvang, Per Amund Frøysa

Kioskgruppe:

Gunnhild Liva Folldal, Oddbjørg Stadheim.

Banenemnd:

Frode Nessan, Alf-Helge Aa. Nessan, Eivind Louis Helset (ny), Per Stian Alme (ny).

Husstyre Hyttehola:

Magne Brekke, Anne Karin Brenne Ringdal, ein frå skigruppa, ein frå skiskyttargruppa, to frå skyttarlaget.

Husstyre klubbhus stadion:

Ole Aasen, Frode Nessan.

Valnemnd:

Magne Brekke, Per Ingebrigt Karbø (ny)

Revisorar: Annvor Tryggestad, Inge Røyrhus.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380