Lokalnytt

Snart sal av fastelavnsris

Kari Hauso Stadheim t.h. og Gerd Helset, begge i styret for Sunnylven sanitetslag trassa kulden og batt saman bjørkeris som skulle bli årets fastelavnsris.

I desse dagar har medlemar i Sunnylven sanitetslag fått medlemsblad med vårprogram, og med eit kort attersyn på 2020 i postkassene. Korona-epidemien «bremsar», men mange aktivitetar er likevel opplista for det fyrste halvåret.

I januar har medlemer gjort klare fastelavnsris for sal i februar. Det vart ikkje den faste jobbedagen saman med pensjonistar på Sunnylven omsorgssenter i år grunna korona-epidemien, men nokre ris vart sende til «heimen» slik at dei som ville kunne pynte risa med fargeglade fjøra.

Salet av fastelavnsris blir framfor Joker og Coop i Hellesylt sentrum fredag 12. februar og laurdag 13. februar. (Sjå; Det skjer på Hellesylt)
Også elevar i 8. klasse skal hjelpe med salet mot deler av inntekta til klassetur. Elles går overskotet som vanleg tilbake til lokalsamfunnet. Og snart kjem laget sitt fastelavnstre opp i Hellesylt sentrum, slik tradisjonen har blitt.
Sunnylven sanitetslag har meldt seg til hjelp når vaksinering mot korona tek til i Sunnylven.

Markerer jubileum

Norske Kvinners Sanitetsforening er 125 år i 2021. Dette markerer hovudorganisasjonen med å invitere lokallag over heile landet til ein «Kløverstafett» frå sør til nord. Stafetten startar frå Halden kring stiftingsdagen til NKS 26. februar og endar opp på landsmøtet i Tromsø 24. – 26. september.

Sunnylven sanitetslag vil også delta under denne stafetten. Det blir ein trimtur med innlagde markeringar, og som passerer Sunnmøre ein gong i mai/juni. Meir informasjon kjem seinare, opplyser Sunnylven sanitetslag.

Årsmøtet

Årsmøtet blir halde torsdag 18. februar. Laget skriv;
-Vi opplever at smittevernkrava kan variere frå dag til dag og difor har vi bestemt å gjennomføre årsmøtet via e-post /brev. Vi sender ut årsmelding og rekneskap til alle medlemmer. Framlegg til val og stemmesetel ligg også ved. Her finn du også saker som skal stemmast over til NKS sitt landsmøte i Tromsø.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380