Storviltprøve for jegerane i år.
Til jakta i fjor haust slapp jegerane å skyte opp til storviltprøve på grunn av smittefare etter utbrot av korona-pandemien. I år må alle opp til «eksamen» på skytebana som vanleg.
Det er no kjent at det i år truleg blir storviltoppskytinga for jegarar som normalt. Det blir ikkje eit nytt fri-år slik det var i fjor, seier Ola Vangen, leiar i Sunnylven skyttarlag. Han tek eit lite forbehold då smittesituasjonen i landet er noko usikker enda, men håper sjølvsagt at den utviklar seg positivt. Endeleg avgjerd om oppskyting eller ikkje blir avgjort rundt påsketider.
Ola Vangen oppmodar alle jegerar i Sunnylven om å finne fram jaktvåpenet og bruke dagane som skyttarlaget set opp til øvelsesskyting på bana i Hyttehola. Han meiner det er lurt å trene litt og ikkje vente heilt til oppskytinga.
Kva dagar skyttarlaget tilbyr øvingsskyting på og gjennomføring kjem informasjon om når det nærmar seg sommar, seier Ola Vangen.