LokalnyttLokalsport

Trimskjema 2021 til sals.

trimskjema 2021.

Trimskjema for 2021 er no lagt ut for sal på COOP. Skjemaet kostar som i fjor kr 40,-. Einaste endring i forhold til fjorårets skjema er at Andakroken er kome til som ny post. Registrering av trimturar vil også i år kunne gjerast ved appen georeg (https://www.georeg.no) .

Georeg er eit supplement til trimskjema og for å vere med i trekning av premiar ved slutten av trimåret er det trimskjema som skal brukast. Dette er også det einaste trimgruppa har inntekt på.

Georeg genererar ingen inntekt for trimgruppa, men må sjåast på som ei erstatning for dei tradisjonelle trimbøkene. Dette er same systemet som eks. Stranda og Hornindal brukar og appen kan også brukast på deira postar.

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info