Vil planlegge trenings -og aktivitetsbygg

Som tilbygg til klubbhuset på Hellesylt stadion ønskjer fleire å bygge nytt trening -og aktivitetssenter.

Sunnylven Idrottslag vurderer å setje i gong planarbeid for eit nytt trenings -og aktivitetsbygg i tilknyting til klubbhuset på Hellesylt stadion. Ei arbeidsgruppe vart valt på årsmøtet i laget.

Hellesylt Treningssenter har hatt sine lokale i underetasjen til Trygg Trykk. Lokala er av eldre dato og treng ei større opprusting om treningssenteret framleis skal halde til der. Difor har tanken om eit nytt bygg kome opp og var sak på årsmøtet i Sunnylven Idrottslag.

Svein Magne Frøysadal er med i styret for treningssenteret og er ein flittig brukar, sa han. Han tykte at lokala ikkje var bra nok og at noko måtte gjerast. Han hadde drøfta tanken om eit tilbygg til klubbhuset på Hellesylt stadion med fleire og fått berre positive tilbakemeldingar, sa Frøysadal. Han meinte at ei planlegging av eit tilbygg til klubbhuset burde starta snarast råd, og fekk støtte av årsmøtet.

Positiv var også Magne Brekke, men minte om at det ville ta tid før eit nytt bygg stod ferdig til bruk, så ei viss oppussing i det gamle treningssenteret måtte til, trudde han.

Årsmøtet valde ei arbeidsgruppe som skulle sjå moglegheitene og ei skisse for eit trenings/aktivitetssenter til klubbhuset; Svein Magne Frøysadal, Tarjei Korsbrekke, Mariann Sundgot Frøysa, Hans Marius Ringdal.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380