1986: Grendakveld for 11. gong: Bygdarane gav oss ein ny hyggjekveld.

Grendakvelden vart på ny ein stor suksess, med heilt fullsett samfunnshus. Bygdarane hadde i sitt program satsa på kvalitet framfor kvantitet. Det timeslange programmet var heilt utan død-punkt. Dei hadde satsa på aktørar frå alle generasjonar – og alle utfolda seg med liv og lyst på scena. Dei hadde og funne ut at den beste og mest morosame ironien er sjølvironien. Dei hint og stikk som vart tildelt nokon, råka bygdarane sjølve. Dessutan hadde dei sjølve laga viser og tekstar som på ein fin måte kommenterte hendingar i bygda – som t.d. dei nye coastelplanane. Og i salen lo publikum og koste seg gjennom programtimen. Ikkje mindre pris vart sett på velsmakande spekemat og blautkake, samt svingom til Kroken’s utover kvelden.
Flott ramme om kvalitetsprogram på grendakvelden.
Vi vel å byrje med ramma om programmet denne gongen. Makan til kulisser har ikkje vore presentert til noko slikt program. Oddvin Parr hadde vore arkitekt for desse og hadde hatt dyktige handverkarar med seg. Kulissene var både flotte og nøye tilpassa det som skulle skje på scena, slik at det ikkje var naudsynt å bruke teppe mellom eit einaste av programinnslaga.
Programmet fekk og ei stilfull og vakker opptakt, då Kristin Storstein til gitarakkompagnement av Fredrik Stadheim song «Å Vestland – Vestland». Ein stor prestasjon framfor over 300 forventningsfulle tilskodarar i salen.
Programmet vart elles bunde saman av Geir Frøysa, som frå altanen på huset hadde utsyn over alt som røyvde seg nedanfor. Frå «Bygdaposten», henta han fram mangt eit gullkorn både frå leiaren, ymse nyhende og annonser. Og på scena vart det Frøysa fann i avisa dramatisert gjennom viser, sketsjar og mange slags opptrinn. Elegant !
Frå programmet nemner vi velkomstsongen «Møt oss i bygda» og den velskrivne Coastellsongen, som fekk låtten fram i salen. Enda høgare «skrall» det i salen då inseminøren kom til gards hos Knut Sundgot, og då resultatet av aksjonen for å bevare barnehagen i Sunnylvsbygda viste seg gjennom songen «Humpetitten».
Trim er på mote. Og spreke trimdamer har dei i Sunnylvsbygda, sjølv om kanskje det som kom etter trimmen – eit godt måltid med noko attåt – lokka mest. Mykje kan det annonserast for også i «Bygdaposten». Det vart det gjeve morosame døme på. Også medmenneskleg varme vart sakna og etterlyst, som i møtet mellom Nils Frøysa og Aslaug Rørhuus-Øie.
Stor lukke gjorde og Jan Erik Øksvang som heimattvendt norsk-amerikanar og kjendis. Sjølvdiggaren utan feil og lyte, som alltid hadde speilet for hand for å kunne beundre seg sjølv. Som programmet vart innleidd vart det og avslutta med song, no av eit anna slag «There’s a new day» song systrene Kristin og Line Storstein, og fekk etter kvart alle aktørar inn på scena saman med seg til ein avslutningssong etter eit timeslangt program mest heilt fritt for daudpunkt. Godt gjort både av programskaparar og aktørar. Så sessa folket seg ved langbord til spekemat, kaffi og blautkake før nok ein vellukka Grendakveld vart avslutta med dans til Kroken’s.
Takk.
Komiteen for Grendakvelden ynskjer elles å rette ei hjartleg takk til alle som medverka til gjennomføringa av den vellukka kvelden, og ei særskild takk til Ole Aasen for assistanse med lys og lydsetjing.