Lokalnytt

Ari jubla for femmils-vinnaren

Ari Kjellstadli fekk møte sitt store langrennsidol under ei treningssamling Simen Hægstad Krueger var på i Sunnylven i august i fjor.

Heilt sidan OL i Pyeongchang i sør-Korea har Ari Kjellstadli hatt ein favoritt mellom langrennsløparane, nemleg Simen Hægstad Krueger. At Lyn-løparen vann den avsluttande fem-mila i WC søndag var stort.

-Vi jubla høgt alle framfor TV-en då Simen gjekk i mål og vann 50 km. i Engadin i Sveits. Det var så fortjent og han vann på ein suveren måte. Endeleg vart det hans tur til å stå øverst på sigerspallen, seier Ari Kjellstadli.
12-åringen har hatt Krueger som sin favoritt i langrennsløypa heilt sidan OL i Pyeongchang i 2018. Der var Simen uheldig i starten og krasja med andre løparar på 30 km. med skibyte, men Lyn-løparen reiste seg, gjekk i teten og vann OL-gullet til slutt. Det har Ari aldri gløymt, heller ikkje møtet mellom dei to sist sommar.

Så sant det er råd er Ari alltid på plass framfor TV-en når 28 år gamle Simen går langrenn.
-Hadde eg blitt fødd 51 minutt seinare hadde vi hatt gebursdag på same dato 13. mars. Å sjå Simen vinne femmila var stort, og eg må vedgå at eg sat langt framme på stolen og jubla då han gjekk i mål. Då kom ei lita tåre også, røpar Ari på telefonen.

Ari er sjølve ein god langrennsløpar, men så langt har han konkurrert berre i Sunnylvscupen. Han fekk seg nye ski i bursdagsgåve, og han har eiga treningsløype like ved heimstaden sin, og han har lyst til å bli like god som favorittløparen.
Det vart ein fin søndag framfor TV-en for Ari, men han var ikkje fornøgd med NRK-reporterane som snakka mest om Klæbo og Bolshunov i innspurten, og alt for lite om Simen, Hans Christer og Jens Burmann som kjempa om sigeren. Det var då dei som var best. Og han er klar på at Simen med to sølv og ei bronse skulle gått ei etappe å det norske stafettlaget i VM.

Men det er historie. Etter telefonsamtalen vår skulle Ari saman med resten av familien feire femmilssigeren. -Eg har igjen av ei god kake frå gebursdagen min så den skal vi hente fram no!

Ari og syster Siril fekk møte mange gode i langrennsløparar og to trenarar i august i fjor. Få venstre Jostein Vinjerui (trenar), Kasper Stadaas, James Clugnet, Andrew Young, Andrew Musgrave, Hans Kristian Stadheim (trenar), Simen Hægstad Krueger. Framme står Siril og Ari Kjellstadli (Foto: Privat)

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380