Årsmøte i Gamleskulen aktivitetsmuseum

Gamleskulen aktivitetsmuseum har halde årsmøte. Skulebygget frå 1898 er i god stand og foreininga som står bak bevaringa kan vise til god økonomi.
I alt 131 personar betalte medlemskontingent i 2020. Sjølv om kontingenten var 100.- kroner pr. medlem, kom det inn heile 23.550.-
Og gamleskulen fekk gåver, julegåve frå Bygdekvinnelaget og Teft-middlar frå Sparebanken Møre.
Det spesielle året med korona-epidemi førte til at dei faste arrangementa på sommar og til jul ikkje vart halde i fjor. Ute vart det rydda og planta rundt den gamle skulestova, og kommunen var imøtekomande og utført slåtten på plenområdet, står å lese i årsmeldinga.
God økonomi
Ein del eldre undervisningsutstyr har blitt henta frå Sunnylven skule som er under renovering, og teke vare på for å bruke til utstilling i gamleskulen, der også det elektriske anlegget nyleg er oversett og godkjent.
Økonomien i foreininga er god, og medlemskontingenten for 2021 er uendra, kr. 100.-
Val
Heile styret i Gamleskulen aktivitetsmuseum tok attval. Desse er:
Arne Ringdal, leiar, Marit Ljøen, nestleiar, Odd Jostein Bjørdal, sekretær og kasserar, Kari Hauso Stadheim og Eldrid Skrede, styremedlemer.
Varamedlemer: Fredrik Stadheim, Ann Kristin Langeland, Gunhild Kvam.
Valnemnd: Liv Jorunn Sporstøl, Annvor Tryggestad