Åtte sekund frå pallen.

Elias Helset og Tonje Støverstein representerer Sunnylven IL/skiskyting under VM på Voss. Laurdag stod sprint på programmet.
Det vart den «sure» fjerdeplassen på Elias Helset under Vestlandsmeisterskapen i skiskyting på Voss laurdag. På sprinten kom han i mål berre åtte sekund frå bronse, og 15 sek. bak sølv. Opp til vinnaren i G16 Heine Blikberg Gjerald, Eldar IL var det 47. sekund.
Elias Helset hadde tre bom på ti skot. Grunna lite snø på Voss blei det ikkje gått strafferundar, men 15 sek. tillegg for kvar bom.
Tonje Støverstein kom inn til 6. plass i J14. Det klaffa ikkje heilt for Tonje på sprinten der det vart seks tillegg a 15. sekund. Vinnar av klassa var Ingri Skjelbreid Gjelland, Hålandsdalen IL.
-No er startnervane over så då skal det gå enno betre i morgen på normaldistansen, sa Jørgen Helset på telefon. Han er på Voss som leiar for Sunnylven IL sine to deltakarar saman med Geir Støverstein.
PÅ søndag er det normalprogram med to skytingar og litt lenger distanse å gå.
Det er vårleg på Voss, fortel Jørgen. Ingen snø i lavlandet, og oppe på skistadion er der berre kunstsnø, med fire cm. nysnø som kom natt til laurdag. Snømangelen gjer at det ikkje blir gått strafferundar på søndag heller, men tillegg på 30 sek for kvar bom.
Resultatliste her: https://live.eqtiming.com/56406#dashboard