Besøk av Gardekompani i august
Musikk og drilltropp ved 3. Gardekompani planlegg besøk på Vestlandet til sommaren i tida 10. til 22. august. Til Stranda kommune kjem musikk og drilltroppa 17. august, står å lese i skriv frå Hæren HMKG.
I ein hevendelse til Stranda kommune skisserer kaptein Mads Kollerud eit opplegg 3. Gardekompani kan tenkje seg ved besøket i kommunen.
Kompaniet tel 120 vernepliktige og ansatte som representerer Norge og Forsvaret i inn og utland. Gardekompaniet består av to tropper, musikktroppen og drilltroppen. Saman er desse to troppene verdensledande innen kombinasjonen musikk og presisjonsdrill, skriv kaptein Kollerud.
Fleire alternativ
Gardekompaniet kan utføre og vise tre ulike oppdrag: Drilloppvisning med musikk og marsjering i 1.Formasjon, helst på asfalt, 2.Konsert både i kulturhus eller ute, og 3.Oppmarsj, marsjering i gate med musikk og drilloppvisning.
-Vi ser for oss eit besøk til Geiranger/Skageflå tysdag 17. august. Om muleg ser vi for oss å spele på ferja inn til Geiranger og Skageflå. Vidare ser vi for oss å gjennomføre ein «gatedrill» i Geiranger og ein eigenproduksjon på Skageflå, skriv kaptein Kollerud.
HMKG tek gjerne i mot forslag til alternative lokasjonar eller lokale arrangement dei kan delta på.
Fjellkonsertar
I svar på henvedelsen takkar einingsleiar kultur og fritid i Stranda for informasjonen og at det blir planlagt besøk til kommunen under norgesturneen. I svaret blir det også foreslått andre alternative stader å spele og opptre på, som Dalsnibba i Geiranger, Strandafjellet, og Storfjord kulturhus.
Kva med stopp på Hellesylt ?
Kanskje burde også Hellesylt sentrum vore med som alternativ plass med ein halvtime musikk og drill. Den asfalterte ferjeoppstillingsplassen ved Hellesylt bro med Hellesyltfossen i bakgrunnen burde høve godt for musikk og marsjering i formasjon av 3. Gardekompani. Ut frå skrivet tyder det også på at Hellesylt ligg i reiseruta med ferje vidare til Geiranger.