Bondekafé med fagprat og kaffi
Det kom regn og vind og Sunnylven Bygdekvinnelag avlyste grilling, kaffi og kaker på badestranda. På Bjørdal inviterte Sunnylven bondelag til Bondekafé og maskindemonstrasjon.
Sunnylven Bygdekvinnelaget har som fleire hatt opphald i møteverksemda dei siste månadane. Laurdag ønska dei å samle medlemar til uformelt treff i det fri, til grilling, kaffi og gode kaker på badestranda på Hellesylt. Men veret ville ikkje spele på lag så leiinga valgte å avlyse denne gongen.
Effektiv vedmaskin
På Bjørdal i Sunnylvsbygda, ved Bjørdal vedproduksjon sitt bygg var det Bondekafé. Slik kallar Sunnylven Bondelag samlinga med enkel servering, og demonstrasjon av nyttige landbruksmaskiner. For bondelaget har også det siste året ført til redusert møteverksemd, sa leiar Peder Hellebostad, men no var det Bondekafé i friluft sjøl om det var både lett regn og ein kjøleg vind.
Til treffet på Bjørdal var eit maskinfirma på plass med demonstrasjon av ei vedmaskin som både kappa, kløyvde og lasta bjørkeved rett i storsekken. Den fanga interessa til mange av dei frammøtte, ei nyttig investering for dei som driv vedproduksjon i større omfang.
Elektisk hjullastar
Remseth Maskin AS frå Valldal viste fram også ein hendig hjullastar for fleire arbeidsoperasjonar. Hjullastaren hadde elektrisk drift og kraftig nok til transport av rundbalgar både til og inn i fjøs. Ingen lyd og ingen eksos, og ikkje krav til maskinførarbevis for å bruke denne, sa Svein Andersen frå maskinfirmaet. I tillegg til balgeklo kunne det monterast både pallegaffel eller skuffe på lastaren.
-Våren må vente
Under Bondekafe-treffet var det lagt vekt på smittevern med «spriting» og avstand. Inne i lokalet til Bjørdal vedproduksjon var der rikeleg med plass og her var det fri tilgang på både kaffi og grillpølser.
-Med våren i kjømda må vel maskinparken vere i orden, slo vi på til leiar i Sunnylven Bondelag, Peder Hellebostad.
-Nei, våren må ikkje kome heilt enno. Vi må ha litt meir snø i fjella, for elles blir det for tidleg bart og dårlege beite for sau og lam ut over sommaren, var svaret vi fekk.