LokalnyttLokalsport

Deltok under Innlandet regioncup

Kristine Hjellbakk Hole, Sunnylven IL deltok under Innlandet regioncup i helga. (Foto frå arkivet)

Kristine Hjellbakk Hole, som går skule ved NTG-Lillehammer og representerer Sunnylven IL deltok under Innlandet regioncup i langrenn laurdag og søndag. Her noterte ho seg for nye, gode plasseringar.

Laurdag vart det konkurrert i klassisk sprint ved Veldre sag. Mellom 23 løparar i K 19/20 vart det 10. plass på Kristine Hjellbakk Hole. Vinnar av sprint i årsklassa vart Hedda Bakkemo, også ei klassevenninne frå NTG-L/Gjøvik SK.

Søndag var det fristil over 5.0 km. Her gjekk det enno bedre for Kristine som kom på delt 5. plass med Karoline Grøtting, NTG-L/Lillehammer skiklubb. Dei to var 46.1 sek. bak vinnaren av K 19/20 som nok ein gong var Anna Heggen, NTG-L/Svea skilag. Men så nær «uslåelege» Anna Heggen i renn har vel Kristine aldri vore før.
NTG-L viste godt igjen på resultatlista i årsklassa K 19/20. Av dei 15 fyrste var ti frå skulen på Lillehammer.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380