LokalnyttLokalsport

Flotte resultat frå skiskyttarrenn

Elias Helset på premiepallen (t.v.) søndag etter sølv på normaldistanse.

Andre dag av Vestlandsmeisterskapen i skiskyting på Voss vart ein flott dag for Sunnylven IL sine to representantar. Sølv til Elias Helset og flott 4 plass til Tonje Støverstein.

Om det var pizza-en til kvelds på laurdag som gav energi, eller startnervane som var vekk veit ikkje vi, men sølvmedalje til Elias Helset i G16, og fjerde plass til Tonje Støverstein i J14 var flott, noko også dei to bør vere godt nøgde med.

Og i dag klaffa skytinga for begge to. Elias fekk ein bom og 30 sekund tillegg og dermed ein sikker andre plass og sølvmedalje i VM , 18 sek. føre tredje løpar på resultatlista.
Som på sprint laurdag var det lite å gjere med Heine Blikberg Gjerald, for sjølv om han hadde fleire bomskot gjekk det fort i løypa inn til siger på normaldistansen.

Tonje var beste skyttar i J14 med berre to bom. Eit flott resultat og berre 2 gonger 30 sekund i tillegg til langrennstida.
Det vart 4 plass denne gongen, men det kjem nye sjansar seinare, så det er berre å øve både i sporet og på standplass.
Vinnaren søndag vart som på sprint laurdag Ingri Skjelbreid Gjelland, Hålandsdalen IL.

Tonje Støverstein og Elias Helset representerte Sunnylven IL under Vestlandsmeisterskapen i skiskyting. (Alle foto: Jørgen Helset)

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380