Gjekk gode langrenn i helga

Kristine Hjellbakk Hole kom på 10. plass i fristil i Gausdal. (Foto: Privat)

Kristine Hjellbakk Hole går fort i langrennsløypene. I Gausdalsrennet kjempa ho om topplasseringar mot andre gode juniorløparar.

Når Norges beste i langrenn herjar i VM-løypene i Oberstdorf går landets nest beste lokale renn i heimlandet. I Gausdalsrennet målte Kristine Hjellbakk Hole krefter i både klassisk og fristil sist helg.
På laurdag var det klassisk stil, og søndag fristil over 5.0 km. Her var fleire av landets beste juniorar på start, mellom dei klasseveninner til Kristine frå NTG Lillehammer.

Som mange gonger før var det lite å gjere med Anna Heggen frå Svea skilag. Ho vart suveren vinnar begge dagane av K 19/20, same klasse som Kristine Hjellbakk Hole deltok i.
Kristine Hjellbakk Hole representerte Sunnylven IL med to gode langrenn og på fyrste side av resultatlista. Laurdag kom ho på 9. plass, og søndag i fri teknikk vart ho nummer 10. Avstanden opp til vinnaren var godt over minuttet, men opp til nest høgaste trinn på pallen berre halvminuttet.
Kristine går skule og trenar langrenn ved NTG Lillehammer. Ho satsar langrenn også til neste vinter.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380