Lokalnytt

Gudsteneste og årssamling søndag

Sunnylven kyrkje.

Under gudsteneste i Sunnylven kyrkje søndag blir det årsmøte i kyrkjelyden, og orientering om eit forslag til grunnordning for hovudgudstenester i Storfjordområdet.

På komande søndag blir det etter gudstenesta årsmøte i kyrkjelyden med framlegging av årsmelding og rekneskap. Då blir det også orientert om eit forslag til felles gudstenesteordning for kyrkjene i Storfjordområdet, fortel kyrkjelydssekretær Åse Stadheim.

-Til no har det vore litt variasjon frå kyrkje til kyrkje, men no ønskjer ein å få ei meir lik ordning slik at ein skal kjenne seg igjen frå kyrkje til kyrkje.
For Sunnylven blir det ikkje store endringar, men ein ønskjer å behalde ei bøn som blir brukt i kyrkja nå ein minnast døde.
Kjem det opp endringsforslag vil ein sjølvsagt drøfte desse, seier ho.

Heile forslaget til grunnordning for hovudgudstenester i Storfjorden kan ein lese på nett: https://kyrkja.no/storfjorden

For kyrkjelyden i Sunnylven blir forslaget lagt ut på papir i Sunnylven kyrkje på søndag saman med årsmelding og rekneskap.

Gudstenesta i Sunnylven kyrkje er søndag 7. mars kl. 11.00. Liturg er sokneprest Jakob Højlund, og organist Gunnar Inge Eide.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380