Imponerande konsert frå kulturskulen

I samspel. frå venstre Ida Susann Tronstad, Tonje Støverstein, Linus Frøysa.

Det klang godt og vakkert då elevar i Stranda kulturskule frå Sunnylven heldt sin vårkonsert i Sunnylven kyrkje tysdag. Heile 25 musikalske innslag vart presentert.

Det blir jobba godt i Stranda kulturskule, det har mange fått oppleve ofte. I år var foreldre og anna publikum forhindra for å møte fram grunna den pågåande korona-epidemien, til ein konserten som stadfesta at elevane i kulturskulen held eit høgt musikalsk nivå.

Vi kom litt seint grunna andre avtalar, men fekk med oss ein god halvtime av vårkonserten der kulturskulelærar Evgenii Zhukov var programvert.

I alt 25 innslag vart framført i Sunnylven kyrkje tysdag, frå alle klassestega på instrument som fiolin, gitar, slagverk, piano, og på det store, flotte kyrkjeorgelet. Repertoaret var variert, frå musikkverk av store kjente komponistar som Beethoven, Bach og Grieg, til ein Queen-låt, brudemarsj frå Østerdalen, og mykje anna gildt å høyre.

Ingeborg Fivelstad Stadheim spela musikk av Johan Sebastian Bach.

Vi let oss nok ein gong imponere over det elevane presenterte på sine instrument. Å høyre Trym Helset spela Bach på kyrkjeorgelet, eller Ådne Kjellstadli spele Queen-låten Sombody to love på piano var strålande, men dette var berre to av fleire gode opplevingar. Mykje øving og ikkje minst gode, dyktige lærekrefter i kulturskulen ligg bak slike framføringar som vi fekk høyre i Sunnylven kyrkje. All ære til Synnøve Hjellbakk Hole, Erik Torset, Evgenii Zhukor og rektor Trond Otto Berg som alle var til stades.

Trym Helset spela på kyrkjeorgelet på meisterleg måte.

Dette var vårkonserten på Hellesylt, men rundt sommaravslutninga blir det ny konsert. Kanskje byd høvet seg då å gå på kulturskulekonsert for fleire. Eller kanskje blir det høve til å oppleve det varierte reportoaret i amfiet på Øvre Ljøen til sommaren. Ikkje sikkert, men kanskje, fekk vi oss fortalt.

Marta Friestad spela Edvard Grieg

Ådne Kjellstadli sette eit friskt og verdig punktum på ein flott vårkonsert med Queen-låten Sombody to love.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380