Lokalnytt

Kompensasjonsordning til verksemder

På Stranda kommune si nettside er det lagt ut ei førebels orientering om kompensasjonsordning til lokalt næringsliv. Det blir vist til brev frå Kommunal- og Moderniseringsdepartementet.

Næringssjef Inge Bjørdal skriv at Stranda kommune meinte kriteria for tildeling var lite spesifisert og oppmoda Møre og Romsdal Fylkeskommune om ei meir detaljert orientering.

Dette er no motteke, men ordføraren I Stranda ønskjer at Formannskapet skal ta stilling til ein del prinsipielle spørsmål omkring tildelinga før administrasjonen legg fram eit forslag til fordeling. Saka kjem opp i Formannskapet 12. april.

Prosedyra vidare vert då som følgjer:

  1. Næringssjefen lyser ut midlane på regionalforvaltning.nomed ein tidsfrist for å søkje saman med informasjon frå dei sentrale /regionale føringane og ev. tilleggskriterium som Formannskapet måtte kome med i møtet 12.04
  2. Utlysinga vert kunngjort på kommunen sine heimesider/Facebook-sider og annonse i Nyssmed vising til heimesida.
  3. Næringssjefen vurderer innkomne søknader og legg fram innstilling til Formannskapet
  4. Formannskapet tek endeleg avgjerd om tildeling og søkjarane får tilsendt svar.

Råd til potensielle søkjarar:

Start innhenting av dokumentasjon på reelle tap grunna smittevernrestriksjonar, jf. brevet frå MR FK (PDF, 134 kB), slik at dette er klart til de skal søkje. Det vil nemleg bli ein relativt kort søknadsfrist fordi vi ønskjer at midlane skal kome i arbeid snarast råd, skriv næringssjefen.

Sjå heile meldinga: https://www.stranda.kommune.no/nyheiter-pa-framsida-aktuelt/forebels-orientering-om-kompensasjonsordninga-til-lokalt-naringsliv.11114.aspx

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380