Lokalnytt

Ny asfalt på vegstrekningar

I Møre og Romsdal skal det leggjast ny asfalt på mange vegstrekningar i 2021. (Foto: Asfaltering i Sunnylvsbygda 2019)

I løpet av 2021 blir det ny asfalt på 166.5 km. fylkesveg i Møre og Romsdal. Også på vegar i Stranda kommune blir det asfaltert fleire km.

Sunnmørsposten melder at løyvingane til asfalt i fylket er på 87 mill. kroner. I tillegg har fylkestinget løyvd 40 mill. kroner til forsterking av dårleg veg, noko som gjer at 166.5 km. fylkesveg får ny asfalt, fortel fylkesvegsjef Ole Jan Tønnesen i ei pressemelding.

På desse vegstrekningane i Stranda kommune blir det ny asfalt på i 2021:
Fv. 60 Tronstad (Sunnylven) 1.440 meter
Fv. 60 Røyr – Ljønibba 2.118 meter

Desse strekningane er det søkt statlege middlar for:
Fv. 60 Strandafjellet – Storegjerdet 2.299 meter

Føgjande strekning skal forsterkast:
Fv. 5830 Tomasgard – Haugen (Hornindal) 7.449 meter.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380