Ny leiar i Sunnylven sanitetslag

Sunnylven sanitetslag har teke hensyn til smittevern og halde digitalt årsmøte. Hilde Langlo Brekke vart ny leiar i laget, etter Kari Hauso Stadheim som hadde sagt frå seg attval. Laget hadde 62 betalande medlemer i 2020.
Som for mange andre lag og organisasjonar vart årsmøtet i Sunnylven sanitetslag avvikla på alternativ måte grunna covid-19. Alle medlemane fekk tilsendt årsmelding og rekneskap, og stemmeskjema på e-post/vanleg post. Fleire gav tilbakemelding, men det kunne gjerne vore fleire, får vi opplyst.
Tillitsvalde i laget fekk denne samansetjing etter at innkomne røystestelar var talde opp.
Hovedstyret:
Leiar: Hilde Langlo Brekke
Nestleiar: Nina Øye Hole
Skrivar: Birgitte Ingeborg Rørhuus-Øie
Kasserar: Ingebjørg Saarheim Fivelstad
Styremedlem: Ruth Hole Aaland
Varamedlemer:
1.Kari Hauso Stadheim (møter fast på styremøter)
2.Anne Marie Hauge Ljøen
3.Laila Røyrhus
Valnemnd:
Birgit U. Hove
Ann Janne Hole
Årsmelding og rekneskap
Ei lang og fyldig årsmelding fortalde om god aktivitet i laget også i annleis-året. Sjølv om faste arrangement som basar vart gjennomført på ein ny måte med loddsal mellom anna på Vipps, vart laget støtta med gevinstar og pengar i lagskassa.
Tradisjonelle samlingar på omsorgssenteret måtte gå ut. I staden spanderte laget ved eitt høve kveldsmat med variert og godt pålegg til bebuarane, og til adventssøndag vart det bløtkake til alle.
Sunnylven sanitetslag har halde fram med Lesevenn på skulen siste året, og i staden for Luciamarkering stilte sanitetsdamer på med munnbind og hanskar og laga mat og kakao i høve juleverkstaden på skulen.
Det vart delt ut «bleiekaker» til nyfødde i Sunnylven, 90-åringar har fått blomsterhelsing, og det vart halde strikkekveldar der raggar og luer vart gåver til fortidlegfødte born.
Dette året vart det laga rundt hundre fastelavnsris, ei av dei faste gode inntektskjeldene til laget som elevar ved 8. klasse hjelpte med å selje.
Rekneskapen viste eit lite overskot i drifta, men laget hadde tap ved avgang av aksjer på 60.000.- Det vart delt ut over 20.000.- i gåver og økonomiske bidrag.
Arbeidsplan
I samband med at Norske Kvinners Sanitetsforening feirer 125 år i 2021 står ein Kløverstafett høgt på arbeidsplanen til Sunnylven sanitetslag. Den landsomfattande stafetten skal gå gjennom heile landet, frå februar til september, og skal markerast i Sunnylven i juni.
Grunna korona-epidemien er mange arrangement uvisse, men om det blir arrangert Sommardagar 2021 tek laget del med loppemarknad som vanleg. På arbeidsplanen står også alle andre faste arrangement som påskelunch i barnehagen, kaffi/adventsstund på omsorgssenteret, Kløverturar, Lesevenn på skulen, strikkekveldar, laurdagskafé, basar, og Luciamarkering på skulen, og helsingar til nyfødde og jubilantar.
Laget vil også ta del i samarbeid mellom andre lag og organisasjonar for å løyse saker som er viktig for bygda, heiter det frå årsmøtet.
Omsorgsberedskap.
Sunnylven sanitetslag har 15 personar tilgjengeleg på ringeliste for omsorgsberedskap i tilfelle ulykker. Det er no tid for å fornye denne avtalen med kommunen, står å lese i årsmeldinga.