Ny turrås til Haslevika

I fjor gjorde dei ferdig ei ny rås frå fonnoverbygget ved gamle Streketunnelen til Andakroken ved Sunnylvsfjorden. No er turråsa blitt rundtur om Haslevika.
Brørne Rune og Per Svein Hole likar seg i naturen, og gjerne ha noko å gjere på. Begge har vore aktive i friidrett/trimgruppa i Sunnylven IL der det mellom anna har blitt mykje rydding og planering på gamle turstiar og fram til poengpostar.
I fjor bygde og rydda dei ei heilt ny rås, frå fonnoverbygget på gamle Ljøvegen til Andakroken ved Sunnylvsfjorden. Der har det no blitt ein ny trimpost i Sunnylven IL, ein tursti som vart besøkt av svært mange i fjor, truleg både hundre og meir.
Frå tidleg i mars har dei to karane, «Holestrikane» som dei omtalar seg sjølve, gjort nye ryddejobbar og planert i terrenget til ei ny, god turrås med start på same plass som tidlegare ved fonnoverbygget. Råsa går denne gongen til Haslevika litt nærmare inn mot Hellesylt, og har så blitt rydda langs fjorden til Andakroken. Turen frå fonnoverbygget kan gjerast som rundtur til dei to stadene Haslevika og Andakroken langs Sunnylvsfjorden og tilbake. Her kan ein ta påsketuren i ei natur full av variert vegetasjon. Råsa er merka heile vegen med skilt og gule band.
Rune og Per Svein har lagt ned mange timar med planering i terrenget og rydding av kratt. Dei var ikkje heilt ferdige med jobben då vi møtte dei midt i eit kratt av einer som skulle vekk.
Vi antyda at vi syntes det var utruleg flott å legge så mykje arbeid i nye turreser, utan ei krone i løn, eller få betalt for ei øydelagt sagkjede og bensin på motorsaga heller.
-Når det ikkje går ann å gå på ski må vi finne på noko anna, var kommentaren frå Rune.
Og Per Svein la til; -Det er han Rune som planlegg så det blir vel nye prosjekt når dette er ferdig-