Lokalnytt

Nynorskbruk engasjerer Mållaget

Til årsmøtet i Stranda Mållag står vanlege årsmøtesaker på saklista. Årsmøtet blir halde i Storfjord kulturhus torsdag 11. mars.

I årsmeldinga blir nynorsk og bruk av språket spesielt omtala. Mållaget har tidlegare oppmoda Stranda kommune om å utarbeide og godkjenne ein språkbruksplan.
-Etter det vi veit ligge det framleis ikkje føre ein vedteken språkbruksplan for Stranda kommune, skriv Stranda Mållag.

Skriveleik for barn og unge

I eit samarbeidsprosjekt med lokalavisa Sunnmøringen ønska Mållaget at barn og unge i Stranda kommune skulle skrive korte artiklar i avisa om saker som var viktige for dei.
-Avisa var svært positiv, og vi hadde ein god dialog med redaktøren. Det gjekk informasjon til skulane i kommunen, men prosjektet vart forseinka, mellom anna på grunn av arbeidet med å etablere den nye avisa «Nyss». Skriveleik-konkurransen vart difor først utlyst i november, men vart i praksis ikkje følgt opp.

Media viktige i nynorskbruk

-Lokalavisa er ein viktig kanal for påverknad og synleggjering. Sunnmøringen har hatt oppslag om Målprisen 2019, og har følgt opp saka om nynorsk for framandspråklege. Avisa hadde også eit oppslag om skrivekonkurranse «Skriveleik», står å lese i årsmeldinga.

På Stranda Mållag sitt årsmøte er kommunalsjef oppvekst, Tone Lillebø gjest og skal orientere om digital infrastruktur/digitale læremiddel og nynorsk i Stranda kommune

Styret i Stranda Mållag valt på siste årsmøte:

Leiar                                     Anders Folkestad (1 år)
Nestleiar                              Inge Bjørdal (ikkje på val)
Kasserar                              Nils Einar Ringstad (2år
Skrivar                                 Martine Rørstad Sand (2år
Studieleiar                         : Agnes Havnen (ikkje på val)

Varamedlemmer:

  1. Gunhild Kvam (1 år)
  2. Roger Furset (1 år)
  3. Elisabeth Opsvik (1 år)

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380