Nyvalt leiar for 4H Møre og Romsdal

Hans Ole Hatle frå Eidsbygda er ny leiar i 4H Møre og Romsdal.

24 år gamle Hans Ole Hatle frå Eidsbygda vart valt til ny leiar på det digitale årsmøte til 4H Møre og Romsdal. Silje Kristin Stadheim representerer Fjellrosa 4H i fylkesstyret.

Av May Britt Skjortnes, org.rådgjevar 4H Møre og Romsdal

Årsmøtet i 4H Møre og Romsdal vart gjennomført i februar, og 15 klubbar stilte med to representantar kvar med stemmerett. I tillegg var der med observatørar frå klubbar og samarbeidsorganisasjonar..

─ Vi er så imponert over at medlemmar frå 10 år og oppover stiller opp og engasjerer seg også når aktiviteten må gå digitalt.

Det vert ei spennande tid vi går i møte med tanke på utviklinga av pandemisituasjonen, men  eg har trua på det nye styret  og gler meg til å byrja på jobben seier Hans Ole Hatle.

Han fortel og at han har  visjon om å skape eit miljø på fylkesbasis for dei eldre medlemmane. Og styret vil jobbe med tiltak retta mot dei eldste medlemmane dei kommande åra.

Mange av aktivitetane har blitt avlyst i året som var, men målet for i år er å klare å gjennomføre både fylkesleir, nattvolleyballcup, senior og alumnsamling (for dei frå 15 år) og storkurs ved å kunne møtast fysisk seier den nyvalde leiaren.

På årsmøtet vart det valt ein nytt styre som består av ein fin miks av medlemmar og klubbrådgjevarar frå alle kantar av regionen.

Fylkesstyre for året 2021:

Leiar: Hans Ole Hatle (24), Liljen 4H/Moral 4H, Eidsbygda
Styremedlem:
Ida Risvik  (24), Moral 4H 4H, Eide
Ingun Bævre (19), Stæa 4H, Surnadal
Ragnhild Bjørkedal (24), Moral 4H, Bjørkedalen
Silje Stadheim (44) , Fjellrosa 4H ,Hellesylt

Varamedlem:
1.Anders Skomsø (44), Liljen 4H, Eidsbygda
2. Andrine Ljotebø-Krokå (18), Myrvåg 4H, Myrvåg
3.Hege Einset (18), Grimstadhøgda 4H, Straumsnes

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380