Lokalnytt

Opplysningstavle for Verdsarven skada

Slik står informasjonstavla. Her manglar plakaten om Verdsarvområdet og stadnamnet Hellesylt, kvar ein befinn seg.

Deler av opplysningstavla for Verdsarven ved Hellesylt bro er blitt skada. No ligg berre restane av glas som verner plakatane igjen.

Kva har skjedd med Verdsarvtavla på Hellesylt? Og når har det skjedd? Ingen veit svaret enno, så dermed er eit påskemysterium dukka opp på Hellesylt.

Ved Hellesylt bro har det sidan august 2008 stått ei tavle med plakatar i glas som informerer om Verdsarvområdet og andre turmål. Glasplatene og plakatane er montert på metallrør som er festa til solide steinheller.

Denne veka vart det oppdaga at om lag halvparten av tavla er vekke. Ein av dei store informasjonsplakatane og ein mindre med namnet Hellesylt på er søkk borte. Berre glasrestar ligg igjen.

Merete Løvoll Rønneberg i Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv kjenner ikkje til kva som har skjedd, men om nokon veit eller har sett noko ønskjer ho å få vite det. I fjor sommar vart det montert nye plakatar i tavla med opplysningar om mellom anna Verdsarven og Verdsarvområdet. Ho synest det er trasig det som har skjedd.
Om skaden har oppstått på grunn av sterke kastevindar og gjenstand som har treft veit ho sjølsagt ikkje, men glasplatene som blir brukte på desse tavlene er sterke og blir sjeldan skada.
Opplysningstavla må setjast i stand igjen, noko som vil koste Verdsarven ein del pengar, seier Merete Løvoll Rønneberg.

Her blir informasjonstavla montert på Hellesylt ved ferjeoppstillingsplassen i 2008.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380