Notiser

Påsketreff på Ljøen er utsett

Vi var mange som gleda oss til sosielt treff og drøs med Sunnylven Pensjonistlag i amfiet på Øvre Ljøen tysdag i påskeveka. Men nei, koronaen har greidd å øydelegg også dette.

Sunnylven Pensjonistlag tek smittevern på alvor og avlyser påsketreffet på Ljøen. Meldinga frå styret kom vel ikkje uventa, for korona-epidemien må framleis takast på alvor. Ja, lat vi alle gjere vårt til å bli ferdig og kvitt s…..domen.

Her er meldinga styret har sendt ut til medlemane;

-Gode medlemmar!

Skal – skal ikkje? er dei spørsmåla vi har stilt oss i høve påsketreffet på Ljøen 31. mars i år. Vi har kome fram til at vi vil utsetje dette arrangementet med tanke på veret og den aukande koronasmitta. Dette seier vi oss leie for, men lovar å ta det opp att så snart det let seg gjere.

 Som eit lite «plaster på såret» vil dokke få ei helsing frå laget dei næraste dagane.
Vi ynskjer kvar og ein ei fin påskehøgtid!

Med helsing
styret

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380