Sangsvaner på Helsetvatnet

I Helsetvatnt har sangsvaner funne seg eit område utan is og med rikeleg mat.

Isen er i ferd med å smelte og fem sangsvaner har funne tilbake til Helsetvatnet, ein fredfull plass med rikeleg tilgang på mat.

Etter ein kald periode i vinter med mykje god skøyteis på Helsetvatnet, har plussgradene gjort jobben og løyst isen frå land. No har fem vaksne, staslege sangsvaner funne fram til sitt «eldorado» nok ein vår, til vatnet med eit rikt matfat og idyllisk opphaldsplass.

Enkelte dagar blir det også ein «skvaldrande» flygetur.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380