Lokalnytt

Spanande butikk ved Hellesyltfossen

Interiør frå den nye butikken, med ny salsdisk og med eit stort utval fjellsko i bakgrunnen.

Ramazan Øcal har opna Salg & Utleiebuda, ein ny butikk midt i Hellesylt sentrum og nær den kjente Hellesyltfossen.

Etter eit par månader med jobbing er eit nytt konsept opna på Hellesylt. Ramazan Øcal satsar på utleige og sal av ferie -og fritidsutstyr for både born, damer og menn. Då hellesylt.info stakk innom lokala på opningsdagen tysdag var mykje på plass, men også nye artiklar vart utpakka og sett på plass i hyllene.

Produkt for uteliv

-Vi har opna vårt nye konsept frå i dag 16. mars. Opningstidene blir mellom 10.00 og 18.30, seier Ramazan Øcal. I butikken har han utstilt produkt tilpassa ferie, eller for dei som er glade i friluftsliv. Her finn vi fritidsklær, fleire modellar fjellsko, regnklær, klær for tur -og fritid, andre turprodukt, fiskeutstyr, campingutstyr, og mykje mykje meir.
Deler av lokalet skal også nyttast til servering, og det same blir uteområdet ved Salg & Utleiebuda med salg av smårettar, kaffi, is og kaker.

Festplagg, strikka og sydde heng på rekke i dei nye lokala

Lokale produkt

Til ein perfekt tur, om det er på sjøen eller til fjells så høyrer det med også god proviant i sekken. Også det kan ein få kjøpt i butikken. I ein hyllene står Skarbø-produkt, Tingvollost, eplemost frå Loen, norsk økologisk te, og eit godt utval av anna lokal mat. Og meir kjem etter kvart, seier Ramazan.

Elektriske framkomstmiddel

Ramazan Øcal får på plass fire el-bilar til utleige før påske, og seinare kjem det el-syklar. Han har tru på sitt nye konsept.
-Eg ser for meg at eg kjem til å drive dette i mange år framover, men eg håper at Stranda kommune får gjennomslag for «Den blå koridoren» i Sunnylvsfjorden. Får vi cruisebåtane tilbake til Hellesylt opnar det seg eit langt større marked for salg og utleige, for området her er vel unikt når det gjeld mulegheiter for utflukter. Eg kan ramse opp i fleng, Norangsdalen, Moldskredalen, mot Frøysa og Flofjellet, og utkikkspunktet på Ljøen.

Ramazan håper som alle andre at korona-pandemien snart tek slutt.
-For oss som jobbar med turisme er denne pandemien trasig, mykje må vere stengt og turistane er borte. Men eg skal ikkje klage, eg er ikkje åleine i den båten, seier Ramazan Øcal som har opna eit nytt, spanande tilbod på Hellesylt, ein butikk som avgjort er verd eit besøk.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380