Stille, men stor fart med «Grøn arv»

Her går det unna i rundt 30 knop på Sunnylvsfjorden med den nye ribbåten. (Rust foto/Bonsaksen)

Det gjekk unna på Sunnylvsfjorden då vi var med på testtur med den nye elektriske ribbåten «Grøn arv» til selskapet Bonseye. Og eigarane rosar nyskapingen, for alt fungerer minst like bra som forventa.

 

Den siste veka har opplevingsselskapet Bonseye på Hellesylt vore i Geiranger og testkøyrt dei to nye ribbåtane til selskapet, «Grøn arv» som er elektrisk og «Grøn framtid» som har ein gjerrig bensinmotor.

Positiv oppleving

-I Geiranger har vi blitt godt motekne og fått presentert dei nye båtane våre. Der har det blitt testkøyring med passasjerar frå selskap som vi har inngått samarbeid med, Havila Geiranger Hotel, Grande Fjordhotel, Stranda Hotel, Geiranger Busslag, og fleire. Vi har også samarbeid med 62 ⁰ Nord.

Alle som var med på testturane gav gode tilbakemeldingar, og vi sjølve synes båtane oppførte seg nesten betre enn venta. Båtane fungerte over all forventning, stabile på sjøen og lette å få opp i fart utan stort energiforbruk, fortel ein svært nøgd skipper, Frank Ole Bonsaksen.
Vi kan stadfeste at også vår testtur kom fort opp i rundt tretti knop, det var som å ta av med eit fly.

Frank Ole gler seg over at det ser ut til å gå i orden med kaiplass og laddemulegheiter i Geiranger.
-Vi skal ikkje drive med hurtigladding, men ein 6.0 kw ladar og gjerne om natta når anna forbruk er lavt.

Kan skifte ut bensinmotoren

Selskapet Bonseye har drive guida opplevingsturar på Sunnylvsfjorden og Geirangerfjorden før, og til sommarsesongen satsar dei enno meir på slike turopplevingar med utgangspunkt både frå Geiranger og Hellesylt frå 1. mai. Kven av dei to ribbåtane som blir liggjande kvar er vel ikkje bestemt, men også båten med bensinmotor er svært miljøvenleg. På tur frå Hellesylt til Geiranger har den brukt berre 11 liter bensin, fortel Bonsaksen. Den gamle ribbåten med dieselmotor slukte nær 40 liter, fortel han.
Blir det grei tilgang til ladding, ser han ikkje vekk frå at bensinmotoren blir bytta ut med elektrisk. Sjølve båten er konstruert slik at ei ombygging vil ta ei knapp veke å få gjennomført.

Stille naturoppleving

-Ein guida tur blir langt meir behageleg når ein slepp motorstøy og eksos, det blir ei enno større oppleving når båten berre glir stille fram på fjorden med vårgrøne lier og sprudlade fossefall inn etter heile den fantastiske fjorden, seier Ole Hjalmar Bonsaksen som også blir ribbåtførar saman med Frank Ole og Bente Bonsaksen. Han trur på eit godt år med minneverdige opplevingar.

Ole Hjalmar til venstre og Frank Ole Bonsaksen satsar miljøvenleg på naturopplevingar på Verdsarvfjorden med ribbåten «Grøn arv».

Må skape tilbod

Og familien Bonsaksen på Øvre Ljøen satsar vidare, for to nye ribbåtar er alt under prosjektering.
-Eg har ikkje brukt opp sparepengane mine enno, fleipar Frank Ole. Han er som sonen Ole Hjalmar oppteken av at det må skje noko, -vi må ha noko å tilby på Hellesylt, seier dei to.
-Det skjer ein god del på Hellesylt no, skulen blir renovert, det same blir Grand Hotel. Det skal også byggjast hotel på Ljøen, og ungdom satsar og byggjer opp eigne firma for naturopplevingar.

Tilbyr jobb

Om ikkje Stortinget og regjering skifter meining skal Verdsarvfjorden vere utsleppsfri frå 2026. Vi må få på plass «Den blå korridoren» i Sunnylvsfjorden, og då blir Hellesylt eit knutepunkt. Då må vi ha lagt til rette for både arbeidsplassar og tomtar for husbygging. Dei neste fem åra blir ein viktig periode som avgjer utviklinga på Hellesylt dei neste 40-50 åra, meiner dei to.

Bestillingar til Bonseye

Rib-båten «Grøn arv» skulle på land for litt finjustering før sesongen tek til for fullt. Eit sete for båtføraren skulle monterast, den skulle bunnsmørjast, og ein radio skulle monterast.
-Vi kjem til å søkje og tilsete folk som skal assistere med påkledning og som båtførarar. Og vi ønskjer å tilby arbeid til lokale søkjarar.
Om nokon ønskjer fjordtur alt no eller i påska så er Bonseye rette selskapet, legg Ole Hjalmar og Frank Ole Bonsaksen til.

(Rust foto/Bonsaksen)

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380