Sunnylven bygdekvinnelag inviterer til treff
Nesten ingenting har skjedd i Sunnylven bygdekvinnelag det siste året, skriv leiinga i det siste medlemsbrevet. Men styret håper på bedre tider snart og planlegg for fleire aktivitetar framover.
-Det skal vel godt gjerast å finne eit år med så lite aktivitet i Sunnylven bygdekvinnelag som dette siste året, skriv styret i siste medlemsbladet. Men aktivitet på sparebluss er ikkje bygdekvinnelaget åleine om, for korona har vore bremsekloss for mange innan kultur og organisasjonsliv i Norge det siste året.
Grilling og vårmøte
No har styret i Sunnylven bygdekvinnelag planlagt for ein viss lagsaktivitet igjen, om ikkje heilt slik det brukar å vere under normale tilhøve.
Men blir det brukbart ver inviterer laget til bål, grilling, kaffi og ein god prat på badestranda på Hellesylt laurdag 20 mars.
I mai blir det vårmøte i laget på Tronstad grendahus, og 5. juni er planen å arrangere tur til Ishavsmuseet på Brandal.
Alt kan bli endra, avhengig av smittesituasjonen, korleis korona-epidemien utviklar seg, står å lese i medlemsbladet. Den tradisjonelle balldagen for elevar og tilsette ved Sunnylven skule går ut i år, både på grunn av smittestatus og på grunn av rehabiliteringa av skulen.
Saknar tida før
-Vi som bur i Sunnylven er heldige midt i denne pandemien. Her er praktisk talt ikkje smitte, likevel er vi nok mange som kjenner på at vi saknar livet slik som det var, å kunne besøkje og ta i mot besøk, å kunne reise, å kunne vere med på små og store kulturarrangement. Det kjennest av og til som om livet vert litt grått og stusseleg, skriv styret i Sunnylven bygdekvinnelag, der dei til slutt helsar til medlemane med diktet «Skugge» av Oddveig Gikling-Bjørnå.
I styret for Sunnylven bygdekvinnelag er: Anne Marie Sømoen Frøysa, Inghild Storstein, Astrid T. Dyrkorn, Marit Hellebostad, Grete Bjørdal.