Lokalnytt

Sunnylven IL utset framhaldande årsmøte

Det har ikkje lukkast for valnemnda å finne kandidat til ny leiar i Sunnylven Idrottslag. Det framhaldande årsmøtet i mars blir dermed utsett til over påske.

Sunnylven IL har halde styremøte og drøfta den vanskelege situasjonen laget er i etter at valnemnda ikkje har lukkast å finne kandidat til leiarvervet i laget. Alle andre val kom på plass på det digitale årsmøtet i februar.
-Vi bestemte at vi utset det framhaldane årsmøtet til over påske for å gje valnemnda litt meir tid, og i håp om at det skal dukke opp ein kandidat, seier avtroppande leiar i laget Per Ingebrigt Karbø.

-Det er litt synd at ingen vil ta på seg dette vervet, det er god læring i leiing, ikkje berre for å styre eit lag eller organisasjon, men også for yrkeslivet. Å vere leiar i Sunnylven IL krev litt tid, men bør vere overkomleg, for alle gruppene fungerer godt, og vi er ferdige med alt i samband med Hyttehola-prosjektet. I løpet av mars blir også all innrapportering frå idrottslaget ordna.
Eg oppfordrar sterkt til å vere positive om valnemnda kjem og spør om å ta dugnadsjobben med å vere leiar i Sunnylven Idrottslag for ein periode, seier Per Ingebrigt Karbø.

Han håper det ordnar seg med kandidat til leiarvervet til framhaldande årsmøte over påske, i veke 14 eller 15.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380