Lokalnytt

Sunnylven omsorgssenter kan få Trivselshage.

På dette området er tanken å lage ein Trivselshage med benkar, bord, beplanting og meir til glede for bebuarane ved Sunnylven omsorgssenter.

Ved Sunnylven omsorgssenter har det lenge vore snakk om å gjere plenområdet framfor bygget mot fjorden til ein Trivselshage. No er det håp om ei løysing.

Planar for området på nordsida av Sunnylven omsorgssenter går på å gjere området til eit variert uteområde med asfalterte stiar for rullestolbruk, ein paviljong, benker, bord og beplanting.
Det har drege ut i tid med å kome i gong med tiltaket, et arbeid som er antyda til mellom 4 – 500.000.- kroner.

Stort tilskot

Gjennom år har det kome inn gåver frå fleire til Trivselshagen, men kommunen har ikkje funne plass på budsetta til det resterande beløpet. No ser det ut til at det kan bli ei løysing på dette prosjektet som har vore omsnakka i mange år.
Under årsmøtet i Sunnylven Pensjonistlag vart det opplyst at laget hadde fått utarbeidd ein søknad til Stiftinga Damm og fått innvilga 300.000.- kroner til arbeidet.

Tvilte på teljinga

-Eg måtte telje nullane mange gonger, og eg ringde og fekk kasseraren vår til å stadfeste at eg talde rett, sa leiar Astrid Langeland som kom med gla`meldinga. Til liks med fleire tykte ho det var ei storarta tilbakemelding å få.
Ein hake ved tilskotet på 300.000.- var at arbeidet måtte kome i gong innan 1. juni i år, og vere fyllført i løpet av eitt år.

Fredag sist veke vart det halde eit møte der kommunen, pensjonistlag, sanitetslag, plangruppa for trivselshagen, og pårørandeforeininga ved Sunnylven omsorgssenter var til stades.

Også dugnad

Astrid Langeland frå pensjonistlaget seier at det var eit godt og positivt møte, og at det var semje om å kome i gong med arbeidet, for med tilskotet frå Stiftinga Damm er prosjektet på det nærme fullfinansiert. Og dugnadsbygda Sunnylven er klare til å ta sin del av jobben, seier leiar i pensjonistlaget, Astrid Langeland.

Tysdag 9. mars skal det haldast nytt møte mellom dei same som sist for å planlegge og bestemme framdrift og oppstart av arbedet med Trivselshage ved Sunnylven omsorgssenter.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380