Lokalnytt

Sunnylving ny leiar i Norsk Journalistlag.

Dag Idar Tryggestad er ny leiar i Norsk Journalistlag.

Dag Idar Tryggestad heiter den nye leiaren i Norsk Journalistlag. Tryggestad har vore nestleiar i NJ frå 2017, og på årsmøtet torsdag vart det opprykk for 46-åringen frå Hellesylt og Sunnylven.

(Foto: Medier 24: Bilder frå Landsmøtet.)

Etter innstilling frå valkomiteen vart Dag idar Tryggestad valgt til ny leiar på det digitale årsmøtet i Norsk Journalistlag torsdag, eit lag med 8000 medlemer.

-Eg har nok ikkje sove så mykje i natt, og tankane har gått tilbake til gårsdagen og til alt som skal på plass i tida framover. Om ei lita stund skal vi i landsstyret, 15 styremedlemer frå 27 til 63 år ha det fyrste møte og drøfte fleire saker. Eg er spent og det har vore stor respons med gode lukkeønskje frå mange, men eg gleder meg, seier den nyvalgte leiaren på telefon frå Oslo.

Fekk eigen nøkkel til trykkeri

Dag Idar Tryggestad er busett i Bergen , og ei forutsetning til at han sa ja til valkomiteen og tillitsvervet var at han kunne pendle. Han og familien likar seg godt i Vestlandshovudstaden, så å flytte på seg er ikkje aktuelt no.

-Det låg vel i korta tidleg at det var som journalist eg skulle utøve mitt yrkesliv. Det starta med skuleavis heime i Sunnylven, og etter kvart vart det mange besøk innom Trygg Trykk på Hellesylt. Der fekk eg eigen nøkkel så eg kunne gå inn og ut når han ville.

Jobb i lokalavisa

Og journalisten kom godt til syne på heimebane i 1997 der han var medansvarleg for utgjeving av den fyrste messeavisa til «Sommardagar på Hellesylt», eit arbeid som Dag Idar fann så interessant at han valgte å satse på.
Etter kvart vart det praktikantjobb og fast tilsetjing i lokalavisa Sunnmøringen.
-Jobben i lokalavisa vart eit viktig grunnlag for vegen vidare. Redaktør Helge Søvik viste at han hadde trua på med, gav meg tillit og utfordringar. Han gav meg gode råd og eg kom inn i eit miljø som eg lærte mykje av.
Seinare jobba Tryggestad i Sunnmørsposten, og i 2000 flytta han til Bergen og vart journalist i Bergensavisa.

Foreiningsliv

Tre år seinare fekk han jobb i Bergens Tidende.  Her vart han klubbleiar i 2013, og i 2017 vart Dag Idar Tryggestad valgt til nestleiar i Norsk Journalistlag.

-Eg har alltid har hatt interesse for foreiningsarbeid, det har eg hatt heilt sidan eg var med i fotballeiinga heime i Sunnylven IL. Rundt 2013 var ei tid der bransjen var i hardt ver på fleire måtar, men utfordringar gjev ofte både lærdom og styrke og mange gav råd og heia på meg så vi kom oss gjennom det også.

På det digitale årsmøtet i Norsk Journalistlag vart det opprykk til høgaste enden av styrebordet for Dag Idar Tryggestad, som trakka barneskoa i Jørngarden på Tryggestad i Sunnylven, for journalisten med både den «fine og skarpe pennen». Vi er mange som ønskjer han lukke til.

Det er blitt både blomar og mange lukkeønskingar til den nye leiaren i Norsk Journalistlag, Dag Idar Tryggestad.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380