LokalnyttLokalsport

Teft-stipend til langrennsutøvar

Langrennstalent Kristine Hjellbakk Hole, Sunnylven IL fekk Teft-stipend av Sparebanken Møre.

Langrennsløparen Kristine Hjellbakk Hole frå Sunnylven IL er ein av 16 talentfulle ungdomar som har fått Teft-stipend på 50.000.- kvar frå Sparebanken Møre.

Etter søknad deler Sparebanken Møre kvart år ut Teft-stipend til unge som utøver sine interesser på eit høgt, profesjonelt plan.
Mellom 135 søknader som kom inn var juniorlangrennsløpar Kristine Hjellbakk Hole frå Sunnylven IL. Ho og 15 andre kunne motta 50.000.- kroner i stipend av Teft-middlar.

Kristine har blitt ein av norges beste i si klasse i langrenn. Dei to siste åra har ho gått skule ved NTG Lillehammer med stor framgang i langrennssporet, og ho blir på Lillehammer også neste sesong, har ho fortalt til Hellesylt.info

Amputert sesong over

På telefonen er ho litt beskjeden når ho skal snakke om eigne resultat, som KM-tittlar, vinnar av Sparebanken Møre-cup eit par gonger, og ei lang rad andre flotte prestasjonar, både på langrennski og med joggesko.
Det ho sjølv rangerer høgast er nr. 10 og nr. 11 i Norgescupen i fjorårets sesong. Også i årets sesong har Kristine «kriga» mellom dei beste i si årsklasse, men sesongen vart noko amputert av kjente grunnar.
No er sesongen over, seier Kristine som slappar av heime på påskeferie. Kva stipendet skal gå til veit ho ikkje enno, men truleg går det meste til utstyr innan sporten, seier ho.

Håper å nå store meisterskap

Her tek vi med kva Kristine Hjellbakk Hole har uttala til Sparebanken Møre etter at ho fekk Teft-stipendet, og grunngjevina til Banken for årleg å dele ut desse middlane.

-For å lukkast og bli best er det viktig å ha det rette miljøet og dei rette folka rundt seg. Difor går eg toppidrettsgymnaset på Lillehammer for å vere ein del av eit større og motiverande miljø og ha fokus på idretten min.
Draumen er å bli ei av dei beste i verda- hevde seg i World Cup – og kvalifisere seg til plass i OL og VM i framtida, sa Kristine Hjellbakk Hole.

Heier på gode rollemodellar

-Sparebanken Møre heier på unge som har talent, vilje og teft til å nå langt, og som samtidig er gode rollemodellar for andre rundt seg.
Det kom inn 135 søknader. Dei hadde sett andre ting til side, for kvar dag å fokusere på det eine, å bli enno betre.
Vi håper at stipendet utgjer ein forskjell, at det kan opne nye mulegheiter og samstundes vere eit raust klapp på skuldra, skriv Sparebanken Møre.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380