LokalnyttLokalsport

Treningsveke i Sunnylven gav resultat

Under ein pause i treningsveka tok vi dette bildet. Frå venstre Simen, Hans Kristian, Andrew Y, Kasper, James, Andrew M, og Jostein.

Sist søndag gjekk verdens beste kvinner og menn det siste WC-rennet denne sesongen. Dei store glasskulene som symboliserer best gjennom vinteren gjekk til Jessie Diggins og Alexandr Bolsjunov.

Årets WC-sesong skulle slutte i Holmenkollen og på Lillehammer, men grunna korona-epidemien vart renna i Norge flytta til Engadin i Sveits og til Kina. Rennet i Kina vart avlyst så konkurransen i Sveits var den siste.

I sesongens langrennscup vart det to klare vinnarar i Jessie Diggins og Alexandr Bolsjunov. Om desse trofea vart det liten konkurranse frå dei norske då den pågåande epidemien har gjort at dei har stått over mange renn.

Trena i Sunnylven

Sist sommar fekk hellesylt.info møte utøvarar som trena mot årets VM i Oberstdorf, to norske og tre britiske løparar hadde ei steintøff teningsveke i Sunnylven i august i fjor. Norske var Simen Hægstad Kruger og Kasper Stadaas, og frå fotballøya sør i Nordsjøen kom Andrew Musgrave, Andrew Young og James Clugnet saman med sine trenarar Jostein Vinjerui og Hans Kristian Stadheim.

Dei mange lange treningsturane i Sunnylven, kveldsjogg til meir enn 1300 meter høge Kløyvingsnibba, rulleski gjenom Norangsdalen, og om Stryn, Flo og tilbake til Hellesylt gav mange flotte topp-ti plasseringar gjennom vinteren, både i VM og andre World Cup-renn.

Vann siste 5-mila

Best av dei som var i Sunnylven vart Simen Hægstad Kruger. To sølv og ei bronse var med i bagasjen heim frå VM, sjølv om han ikkje fekk gå stafett for Norge som han avgjort var kvalifisert til. Han avslutta sesongen med siger på 5-mila i det siste WV-rennet i Sveits, føre ein annan god Lyn Ski-løpar, Hans Christer Holund.
Og når Kasper Stadaas toppar sprintcupen i Norge er vel ei treningveke i Sunnylven noko som kan bli reprise på. Ryktet seier at då kan det hende også ein verdensmeister dukkar opp.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380