Bevarer detaljer og særpreg ved Grand Hotel

Øystein Frøysa har jobba med mønepynten til Grand Hotel. Kopiane er akkurat like dei som var frå fyrst av.

Arbeidet med å restaurere Grand Hotel går som planlagt. Det meste blir bygd av nye materiale, men ein del særpreg og detaljar blir teke vare på.

Det blir nytt det meste utvendig på Grand Hotel på Hellesylt. Det gamle hotellet frå 1903 og som seinare vart påbygd i 1908 blir eit praktbygg, for under restaureringa blir det jobba med å gjenskape særpreg og visuelle detaljer. Utvendig blir det ny bordkledning, fleire nye vindauge er sett inn, og i løpet av våren kjem det nytt skifertak på deler av bygget. Og i tillegg kjem det nye utskjeringar i alle møner, flotte kopiar av slik dei såg ut frå fyrst av, laga ved HT Bygg Hellesylt.

Øystein Frøysa har jobba med dei nye utskjeringane, reine kopi av dei gamle der råte hadde teke overhand. Det er godt handtverk som er utført og som vil stase opp det gamle hotellet.
Dagleg leiar ved Grand Hotel, Jan Sverre Sivertsen var på Hellesylt og fekk sjå den nye mønepynten, og dei vart godkjent, får vi opplyst frå fabrikken.

Til hellesylt.info kunne Sivertsen (Sivert) fortelje at restaureringa av hotellet går som planlagt. For utålmodige blir det kanskje lenge å vente i to år før opning, men -vi åpner ikkje før alt er ferdig, sa han og hadde då i tankane også den fløya ned mot kaia som skal bli overnattingsrom.

Om kort tid skal arkitektar i arbeid både med romløysingar inne i hotellet og det planlagde nybygget.
-Vi ønskjer å behalde og bruke den gamle spisesalen omlag som den er i dag. Korleis andre funksjonar skal løysast blir å drøfte med arkitektane. Det blir spanande. Det som er klart er at det ikkje blir overnattingsrom i gamle Grand Hotel, sa Sivertsen.
Han antyda at gravemaskina kunne kome i arbeid for nybygget i løpet av året, og at det vart åpning av heile turistanlegget om to år.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380