Corona-utbrot stoppa ribbåt-dåp

Reiselivsbedrifta Bonseye sitt arrangementet der dei nye elektriske rib-båtar skulle døypast er utsett. Årsaka er den uavklara smittesituasjonen som har oppstått i Stranda kommune.
Alt var klart og gjestelista var lang til arrangementet på Grande i Geiranger der Bonseye sine to elektriske ribbåtar skulle døypast fredag 30. april. Dei miljøvenlege farkostane til opplevingsrike turar mellom Hellesylt og Geiranger er banebrytande og noko nytt i drift på Verdsarvfjorden. Sesongen startar opp med daglege turar frå 1. mai.
Dåpsarrangement seinare
Eit smitteutbrot i Stranda kommune sette ein stoppar for arrangementet inn til vidare.
Dagleg leiar i Bonseye AS, Bente Bonsaksen synes situasjonen som har oppstått er trasig, men at det ut frå nasjonale retningslinjer er rett å utsetje arrangementet.
-Vi vel å utsetje båt-dåpen til smittesituasjonen tilet det. Så langt har vi i Stranda vore heldige og ikkje hatt koronasmitte av betydning i kommunen slik andre deler av landet. Vi utset arrangementet, men kjem sterkt tilbake når situasjonen normaliserer seg igjen.
Ny brygge
Bente Bonsaksen er stolt og gler seg til å vise fram dei nye elektriske rib-båtane i drift. -Det er ny teknologi som blir ein berikelse på fjorden. Vi har jobba hardt no i vår fram til sesongstart 1. mai. I samarbeid med Grande Fjord Hotel har vi fått på plass ei ny brygge ved Grande i Geiranger. Frå denne, frå sentrum i Geiranger og frå Hellesylt blir det daglege guida turar heile sommaren, seier ho.
Turar til Skageflå
Dag Stadheim er styreleiar i Bonseye Excursion AS.
-At arrangementet med dåp av dei to rib-båtane ikkje kunne gjennomførast no er berre å beklage, men ut frå smittevernhensyn var det uråd. Drifta i selskapet startar likevel opp som planlagt etter gjeldande smittevernreglar 1. mai. Det blir avgang med rib-båtane både frå Hellesylt, og frå Grande og sentrum i Geiranger. Mange av turane skal også gå til Skageflå med retur på kveldstid. Eit tilbod som vil gje mange flotte dagsopplevingar både på den kjente «hyllegarden» og området ikring, avsluttar Dag Stadheim.