Lokalnytt

Leiger ut to-seters El-bilar

Ramazan Øcal ved Salg & Utleiebuda viser fram fire nye El-bilar som han har til utleige.

I tillegg til eit lokale fullt av ferie- og fritidsartiklar har Salg & Utleiebuda på Hellesylt to-seters El-bilar å tilby.

Fire nye to-seters El-bilar kom på plass til påske og er klare for bruk.
Ramazan Øcal som driv det nye konseptet i Hellesylt sentrum viser fram dei batteridrevne bilane han har fått på plass, ikkje store og dominerande akkurat, men plass til to personar i behagelege seter og godt beskytta mot ver og vind.

Bilane blir leigde ut etter timepris, og med fulladda batteri er rekkevidda ni mil. Sjåføren må vere 18 år eller meir og ha vanleg bilsertifikat. Toppfarta er ca. 80 kilometer, fortel Ramazan.

Å leige ein bil kostar 550 .- kr for ein time, 899.- for to timar, og deretter ny reduksjon for kvar time bilen er i bruk.

Bilane skal vere eit robust køyretøy, mellom anna må den vere flott å leige til ein tur i Moldskredalen, Holedalen eller andre sætredalar, seier Øcal. For med rekkevidd på ni mil er det turar som kan gjerast utan ladding.
Denne tida er nok markedet for utleige av el-bilar begrensa på Hellesylt, men han håper på at turistane er tilbake til sommaren, for då har han eit nytt tilbod å tilby.

Her er Steffen Hole sjåfør med Ramazan Øcal som passasjer i den miljøvenlege bilen

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380