Mai ein fin månad for naturopplevingar


Frå kurs i elvepadling i mai 2020.
Helge Kvam Karbø til høgre, og tre kursdeltakarar i elvepadling, Max Helander, Emil Nordhild Røving og Jan Ove Aae.

Helge Kvam Karbø er heime på Hellesylt igjen etter fire veker i Slovenia. No planlegg han for fine dagar og sesongen framover både på land og sjø i Fjord Nature.

-Eg har overlevd gjennom vinteren, og no har eg god tru på sommarsesongen. Eg trur mai blir ein flott månad for naturopplevingar og aktivitetar i Fjord Nature. Det seier Helge Kvam Karbø som eig og driv det naturbaserte opplevingsselskapet på Hellesylt. Vi møter han inne på sin Bace Camp midt i Hellesylt sentrum der han tek mot bestillngar og legg planane for opplevingsturar høgt og lavt, til snødekte, og solgule fjelltoppar, eller i fossestryka i ei eller anna vårkåt elv, eller i kajakk ute på Sunnylvsfjorden.

Leiger inn hjelparar

-Det er så mange mulegheiter for minnerike inntrykk rundt omkring oss, det er berre å velgje og vi i Fjord Nature guidar og gjev råd om trygge opplevingar, seier Karbø.
Det er framleis skiføre i fjella og på den solfylte dagen torsdag var fleire på topptur til Lisjenibba (Blæja) opp for Haugen i Nibbedalen med turleiar frå Ørsta/Volda. Karbø må nytte ein del innleigd hjelp, for han rekk ikkje over alt når pågangen er som størst.
Naturnytarane kjem frå fleire områder av landet, men mest frå Sunnmøre og traktene kring Volda, Ørsta og utover mot Hareid og Ullsteinvik, fortel Helge Kvam Karbø.

Kursar i kajakk og kano

I overgangen mellom vinter og vår arrangerer Fjord Nature guida toppturar, kurs i elvepadling og kajakk turar på fjorden. Han har også avtale med Havila Hotel i Geiranger om arrangement for turistar der når sesongen kjem i gong igjen etter korona-nedstenginga.

Planane for Karbø og hans hjelparar i Fjord Nature er mange, mellom anna står X2-Festivalen «for døra» denne helga.

Stuntmann

-Det blir eit redusert arrangement med færre deltakarar i år grunna korona-epidemien. Mellom anna går den populære XCreek-konkurransen i Bygdaelva i Sunnylven ut. Men vi er engasjert i anna, og det blir toppturar, seier Karbø.
For få dagar sidan kom han heim til Hellesylt etter fire veker i Slovenia. Der var han med på filminnspeling som stuntmann, i ein film som skal visast på TV over heile verda, også i Norge til neste år. Kva som skjer i filmen? -nei det må vi berre vente på og sjå.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380