Lokalnytt

KNM Otto Sverdrup i Sunnmørske fjordar.

Marinefartøyet KNM Otto Sverdrup like ved Hellesylt kai måndag.

Eitt av Norges mest avanserte marinefartøy, KNM Otto Sverdrup er i veke 15 på tur i Sunnmørske fjordar. Øverste sjef om bord er Iris Fivelstad frå Nibbedalen i Sunnylven.

-Vi skal berre på fjordsightseeing medan vi øver på visse rutiner om bord, fortel Iris Fivelstad, fregattsjef på KNM Otto Sverdrup. Ho reknar opp fleire gjeremål som klareringsøvingar for navigatørar, maskinistar, mann overbordmannskap, og helikopterdekksmannskap.

KNM Otto Sverdrup var på tur inn Hjørundfjorden til Urke / Leknes måndag morgon, og deretter var det Storfjorden, Geirangerfjorden og Sunnylvsfjorden sin tur.

Tre av mannskapet på KNM Otto Sverdrup kom til kai i lettbåt for å hente forsyningar frå kjøttvarebedrifta Ole Ringdal AS (i bakgrunnen)

Oppdaga hjort

Like ved Leknes observerte mannskapet ein hjort som hang fast i eit gjerde etter ein bakfot. Vi har gode sensorar, seier Iris Fivelstad.
– Mange av mannskapet er opptekne av både hjortejakt og dyrevelferd. Om bord har vi vernepliktige som har slektingar på Sæbø, og sjølv har eg slekt på Øie så vi gav beskjed til fleire om hjorten slik at Viltnemnda kunne ta seg av saka. Korleis det gjekk veit vi ikkje, men vi håpar dyret vart løyst frå det ufriviljuge fangenskapet.

Olav Andreas Sætreås leverte kjøttvarene frå Ole Ringdal AS.

Fekk om bord forsyningar

Etter sightseeingturen inn Storfjorden der fjella for tida er pynta i vinterdrakt vart det stopp i Sunnylvsfjorden og handel på Hellesylt. Der ligg kjøttvarebedrifta Ole Ringdal AS som produserer varer av topp kvalitet. Eit marinefartøy med 130 mann om bord treng forsyningar og det fann dei på Hellesylt både godt og rikeleg av.
KNM Otto Sverdrup la seg til ro på fjorden eit stykke utanfor ferjekaia, og ein lettbåt med tre av mannskapet kom til land og henta matforsyningane. Det var fem store kasser fulla av Alpepølse og kokmør. Og på Stranda hadde dei handla eplesaft frå Byrg, fekk vi oss fortalt.

Etter stoppet på Hellesylt gjekk seilasen inn Geirangerfjorden, før det var vendereis med mål Bergen igjen.

Iris Fivelstad vart som første Norske kvinne fregattsjef i januar 2018 på Otto Sverdrup. Marinefartøyet som har fått namn etter ein av Norges største polfararar er 134 meter langt og sjøsett frå verft i Spania i 2008.

Fregattsjef på KNM Otto Sverdrup frå januar 2018, Iris Fivelstad.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380