Pressemelding frå reislivsbedrifta Bonseye Excursion AS

Båt-dåpen er utsett, men dei nye elektriske rib-båtane til Bonseye startar opp med daglege turar mellom Hellesylt og Geiranger 1. mai.

Bonseye utset dåp av nye rib-båtar

Grunna den uavklara corona-situasjonen i Stranda kommune og smittebildet på Sunnmøre har reiselivsbedrifta Bonseye Excursion AS Hellesylt valt å utsetje den planlagde båt-dåpen.

Ved Grande i Geiranger skulle selskapet sine to nye elektriske rib-båtar døypast med gjester til stades fredag 30 april.

Selskapet og arrangør beklager situasjonen som har oppstått, men ønskjer å gjennomføre båt-dåpen seinare så snart corona-situasjonen er avklara.

Drifta i selskapet går som vanleg etter gjeldande smittevernreglar.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380