Lokalnytt

Snart fotballstart, skiføre på Hellesylt stadion

Leiar i banenemnda, Frode Nessan håper det er siste snøen han måkar vekk denne våren.

Snøen den siste tida har laga mykje ekstraarbeid for banenemnda i Sunnylven IL. Og no nærmar det seg fyrste fotballkamp på stadion.

Leiar i banenemnda Frode Nessan har mange timar med snømåking bak seg på stadion. Rett nok går det maskinelt, men når snømengda er stor kan ein ikkje ta for store skårar, men køyre forsiktig, seier han.

Då hellesylt.info stoppa for ein prat hadde han brukt sju timar på å få fram ein firedel av den grøne kunstgrasbana. Frode satsa på å rydde ein firedel til slik at halve bana var klar til trening og kamp. Det nærmar seg nemleg seriekamp for J13. Den skal etter planen spelast om ei veke, tysdag 20. april.
No håper leiaren i banenemnda at ver og vind skal hjelpe med snøryddinga på resten av stadion. Han leitar fram vermeldinga på mobilen som viser heile 11.0 varme grader i slutten av veke 15 så det ser lovande ut.
Innan søndag skal også ein del av stadionreklamen på plass, seier Frode Nessan som ikkje vil kalla inn til dugnad grunna covid-19.

Sunnylven har meldt på desse laga i serie 2021:
J 13.07 -2. div vår. Fyrste kamp tysdag 20.04 kl. 18.30: Sunnylven – Hasundgot- Hellesylt stadion.

G 13.07 -3. div vår. Fyrste kamp torsdag 22.04 kl. 18.30: Sunnylven – Åmdal -Hellesylt stadion

Det blir klart for både trening og kamp på omlag halve Hellesylt stadion.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380