Lokalnytt

Softis på Hellesylt.

Sjøl om det framleis er nokre veker til sommar er softis-sesongen i gong på Hellesylt. Den er å få kjøpte hos «Salg og Utleiebuda» saman med mykje anna.

Ramazan Øcal har tjuvstarta på sommaren. På telefonen fortel han at salet av soft-is er i gong, og etter kjøpars ønske blir den fyrste smak av sommar pynta med strø av eksempelvis jordbær, sjokolade eller krokan. I den nye butikken er det også sal av kaffi, brus, andre små rettar av kaker, og av lokalproduserte matvarer.

«Salg & Utleiebuda» ved Hellesyltfossen har også eit stort utval av varer som klær, sko, fiskeutstyr ein kan kjøpe eller leige, og ting for camping- og friluftsliv. Også fire mindre el-bilar kom på plass til påske som kan leigast.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380