Sunnylven IL vurderer 17.mai-feiring

I eit ufyseleg ver bidrog Sunnylven skulekorps til ei verdig markering av nasjonaldagen også under korona-restriksjonar. Her på Hellesylt ferjekai.

Sunnylven Idrottslag har ikkje fått ny leiar på plass, etter Per Ingebrigt Karbø som ikkje ønska attval. På det ekstraordinære årsmøte vart også 17.mai-feiring i Sunnylven.

På eit ekstraordinært årsmøte I Sunnylven Idrottslag lukkast det ikkje å løyse  leiarkrisa i laget. Valnemnda ved Magne Brekke har nærmast «sopa» bygda etter leiarkandidatar, men har fått nei.

Kollektiv leiing

Det er fleire som er aktuelle til leiarvervet seinare, men akkurat no passa det ikkje, vart det sagt på det ekstra årsmøte som vart halde på tribuna på Hellesylt stadion.
Dermed må det 120 år gamle idrettslaget bli leia kollektivt inn til vidare. Som meldt tidlegare er alle undergrupper fulltallige med leiarar.

Feiring av nasjonaldagen

På same møte vart også feiringa av nasjonaldagen i Sunnylven oppe til drøfting. Laget har vore 17.mai-arrangør i ei årrekke tidlegare og ser på feiringa også i år ut frå gjeldande smittevernreglar. Laget ønskjer å få med både Sunnylven skulekorps og Hellesylt Barneleikarring i underhaldninga.
Om det blir festgudsteneste i Sunnylven kyrkje kan der delta inntil 76 personar samla. Om korona-situasjonen ikkje endrar seg vesentleg kan feiringa halde fram andre stader med musikk og dans, som på plenen ved Sunnylven omsorgssenter.
Inn til vidare er ikkje noko endeleg bestemt, men hellesylt.info kjem tilbake med meir atter kvart som ting vert avklara.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380